VART HEIDRA: Ulf Menes (i midten) mottok plaketten frå fadderen sin i Lions, Rolf Øygard, og presidenten i Lions, Marit M. Hovland. (Foto: Privat)

Høgthengjande Lions-utmerking til Menes

Ulf Menes vart overraska med den høgaste utmerkinga i Lions.

Publisert 14.12.2016 kl. 00.01.

Ulf Menes har vore aktiv i Lions Club Sogndal sidan 2004. Sist onsdag vart han heidra for innsatsen med utmerkinga Melvin Jones.


Utmerkinga vart delt ut på julemøtet til Lions Club Sogndal, og hovudpersonen sjølv visste ikkje noko om det på førehand, vert det opplyst i ei pressemelding frå lionsklubben.


Ulike tillitsverv

Ulf Menes har hatt dei fleste tillitsverva i klubben, mellom anna sekretær, visepresident og president. Han engasjerte seg også på distriktsnivå, og var soneleiar eit par år, før han gjorde det klart i klubben at han ville satsa på å bli distriktsguvernør også.


Så vart han ramma av slag og måtte på grunn av helsa trekkja kandidaturet sitt. Han mista likevel ikkje motet, og står framleis på i klubben som eit engasjert og aktivt medlem, heiter det i pressemeldinga.


Samla inn klede

Menes har i fleire år vore primus motor for Tulipanaksjonen med sal av tulipanbukettar. Det var han som tok initiativet til å samla inn klede og utstyr til Litauen i samarbeid med lionsklubbar i Nordfjord, Møre og i Gudbrandsdalen og dreiv på med dette i fleire år. Han tok turen til Uganda for å vera med og opna "Sogndalsbrønnen", eit prosjekt i regi av Lions som skaffa drikkevatn til mange landsbyar i Uganda. Han er i dag kontaktperson og medansvarleg for arrangering av "Løveleikane" i Sogndal i samarbeid med Sogndal Idrettslag og Trimgruppa. Så langt er det berre i Trondheim og Oslo det vert arrangert tilsvarande leikar her i landet. Deltakarane er personar med nedsett funksjonsevne.


- Vel fortent

Etter storbrannen i Lærdal i januar 2014, vart det samla inn store mengder med klede og utstyr til folk i kommunen som var ramma. Stort overskot på klede medførte at kommunen ikkje visste å ta i mot alt. Her var Ulf Menes på plass og tok imot klede og utstyr som blei sendt vidare til Litauen, der det kom til god nytte.


Menes har i mange år vore eldsjel i Kaupanger idrettslag innan fotball, då som "speaker" på kampar for damer og herrar, han er opplesar på bingo for musikk-korpset og deltek også der som trommeslagar.


Lions-klubben i Sogndal gratulerer Ulf Menes med heidersutmerkinga, og understrekar at den har han verkeleg fortent.


Les meir om: Nyhende Sogndal