Tysdag er det manuell dirigering gjennom Fodnestunnelen. (Arkivfoto)

Her må bilistane venta på leiebil

Publisert 14.05.2019 kl. 06.18.

På rv. 5 i Fodnestunnelen blir det manuell dirigering grunna vedlikehaldsarbeid første del av dagen tysdag. 


Bilistane må venta på leiebil, og vegtrafikksentralen opplyser at ein skal prøva å tilpassa kolonnene til ferjeavgangane. Arbeidet startar klokka 08.


Også på fv. 55 på strekninga Loftesnes-Årøytunnelen blir det vedlikehaldsarbeid og trafikkavvikling med leiebil. Arbeidet her pågår fram til onsdag morgon. 


Frå før pågår det vedlikehaldsarbeid i Røneidtunnelen på fv. 55, noko som gir stengeperiodar på opp til 30 minutt. Dette gjeld i denne omgang fram til torsdag kveld.


 


Siste saker Gå til framsida