GODT RESULTAT: Frå opptellinga i Sogn Sparebank på Tangen søndag. Aksjonaleiar Anne Kauppi har all grunn til å vera nøgd, Årdal hamna på 3. plass på fylkeslista basert på innbyggjartal og på 4. plass på lista basert på totalbeløpet. (Foto: Hanne Stedje)

Her har dei grunn til å vera nøgde - Sogn og Fjordane toppar statistikken

- Eg blir rett og slett berre glad i alle dei rause folka i fylket som har engasjert seg på ein eller annan måte i samband med TV-aksjonen. Fylket forlèt Sogn og Fjordane-epoken med æra i behald.

Publisert 21.10.2019 kl. 14.25.

Det seier Oddrun Midtbø, leiar for fylkesaksjonskomiteen i Sogn og Fjordane.


- Dagen etter den nasjonale dugnaden er det på sin plass å takka alle som har vore med på denne festen, seier ho.

UNGDOMAR: Elevar frå fleire av folkehøgskulane i Sogn og Fjordane er blitt faste hjelparar under TV-aksjonen. Her er elevane ved Sogndal folkehøgskule. (Foto: Sogndal Folkehøgskule)

På topp

Nasjonalt samla TV-aksjonen inn over 220 millionar kroner til CARE sitt arbeid for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område. Sogn og Fjordane hamna på topp i landet med 54,43 kroner per innbyggjar. Landsgjennomsnittet ligg på 41,47 kroner dagen etter at innsamlinga var avslutta. Denne summen kan endra seg fram til nyttår, då det blir sett endeleg strek for aksjonen, går det fram av ei pressemelding.


Mellom kommunane i Sogn og Fjordane, er det Aurland som toppar statistikken basert på innbyggjartal. På dei to neste plassane finn me Solund og Årdal.


Her kan du sjå resultatat frå alle kommunane i fylket


- Tusen takk

- På vegner av CARE vil eg seia tusen takk til alle frivillige, alle bøsseberarane og alle gjevarar som har bidrege. Resultatet av TV-aksjonen vil bety enormt mykje for kvar einaste ei av dei kvinnene som no får høve til å tena sine eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få si stemme høyrt, seier generalsekretær i CARE, Gry Larsen.


Neste år er det WWF og kampen mot plast i havet som er temaet for TV-aksjonen.


Les meir om: Nyhende