KVILEKAI: Den nye kvilekaia er klar. Frå 2020 kjem det hybridferjer på sambandet Mannheller-Fodnes på riksveg 5 i Sogn. (Foto: Harald Stadheim/Statens vegvesen)

Her er ny liggjekai og straumforsyning på plass

Ferjekaien på Mannheller gjer seg klar til det grøne skiftet.

Publisert 19.03.2019 kl. 19.30.

- Me er veldig godt nøgde både med arbeidet som er gjort på Mannheller og samarbeidet med entreprenør NCC. Prosjektet har gått veldig bra, seier byggjeleiar Harald Stadheim i ei pressemelding frå Statens vegvesen. 

HEILT NY HOVUDKAI: Prosjektleiar Oddvin Hov på anleggsområdet på Vangsnes ferjekai. Her skal det byggast ei heilt ny hovudkai. (Foto: Harald Stadheim/Statens vegvesen)

Ny trafo

Frå 1. januar 2020 kjem det hybridferjer på sambandet, då overtek Norled kontrakten frå Fjord1.


I pressemeldinga opplyser vegvesenet at i løpet av dei komande månadane skal Sognekraft montera ein ny trafo på kaiområdet, før Norled set i gang med bygginga av sitt system for lading av hybridferjene.


Trivelegare for publikum

Vegvesenet melder vidare at rundt servicebygget på Mannheller har fått ei oppgradering, og bussane har fått betre plass til å snu. Ved den nye kvilekaia er det bygd opp eit podium, der folk kan nyta utsikten over fjorden om det skulle bli litt ventetid mellom ferjene.


- Anlegget er overteke av oss frå entreprenør, men det kan sjå litt uferdig ut, for det står att litt beplanting og såing av området. Dette må vente til det vårast litt meir, fortel Oddvin Hov i pressemeldinga. Han er prosjektleiar for ferjekaiutbygging i Sogn og Fjordane.


Vangsnes- Hella- Dragsvik

No er Vegvesenet i gang med arbeidet på neste samband; Hella, Dragsvik og Vangsnes, litt lengre ute i Sognefjorden.


Også her skal det tilretteleggast for eldrift av ferjene. I tillegg skal det byggast ny hovudkai på Vangsnes og ny og breiare ferjelem på reservekaia.


På Dragsvik skal ferjekaiområdet strammast opp og få universell utforming, og alle tre ferjekaiene skal få nye servicebygg, opplyser vegvesenet.