Her er kandidatane til Årets sogning

No har me avslutta avstemminga i kåringa av Årets sogning.

Publisert 01.12.2018 kl. 09.31. Oppdatert kl. 15.14.

Avstemminga er avslutta. Kven som blir Årets sogning får du vita 27. desember.


I fjor gjekk Kristian Fardal Opseth til topps og no har me henta fram seks nye namn som skal vera med å kjempa om tittelen Årets sogning. Det er du som lesar som avgjer kven som får Sogn Avis sin heiderspris 2018.


Årets kandidatar er:


1. Vegard Skjeldestad


I front for Vegards krefttråkk - sykkelløpet som samlar inn pengar for å gje kreftsjuke ungar og familiane deira eit pusterom i kvardagen. Raus, hjelpsam, omtenksam, som hjelper dei som treng det mest i samfunnet.


2. Torunn Seim


Tok opp kampen mot Staten gjennom to rettsrundar etter at ho gjekk alvorleg sjuk i årevis utan verken diagnose eller behandling for borreliose. Ei historie som har gitt håp til mange i tilsvarande situasjon.


3. Tord Are Meisterplass


Vart lam etter ei skilukke i Sogndalsdalen. Kjempa seg attende til ein aktiv kvardag i rullestol og utvikla hjelpemiddelet Dignum som skal gje funksjonshemma eit enklare og meir sjølvstendig liv.


4. Steinar Drægni


Driv folkehelsearbeid på høgt nivå. Som dagleg leiar av frivilligsentralen og drift av Gamleskulen brukthandel, har han utvikla eit opplegg som får folk som av ein eller annan grunn har ramla utanfor, inn att i det ordinære arbeidslivet. Han behandlar brukarane med respekt og omtanke, ser alle og viser at det meste er mogleg om ein har trua.


5. Malene Blikken Haukøy


Noregs fjelløpsdronning, aktiv både sommar og vinter. Sette verdsrekord med å leggja bak seg 15.400 høgdemeter på 24 timar. I år har ho også sprunge Sognefjorden på langs med mål om å samla inn mest mogleg pengar til MS-foreininga.


6. Arlene Singhdalsen


Mor til Joshua som tok livet sitt, berre 16-år gamal, fordi han hadde gjort noko dumt som han angra på. Ved å fortelja den sterke historia om Joshua oppmodar ho til større openheit, slik at andre foreldre skal sleppa oppleva det same.



Bli med å gje di røyst på sognavis.no, på sms til 1982 med kodeord sogning, e-post til redaksjon@sognavis.no eller brevpost til Sogn Avis, Postboks 3, 6861 Leikanger, merk konvoutten: Heiderspris 2018.


Me set pris på om du skriv nokre linjer om kvifor din kandidat fortener å vinna. Alle som nyttar seg av e-post eller kupongen i papiravisa er med i kampen om 15 flakslodd.


Fristen for å røysta er fredag 14. desember.


Vinnarane dei siste seks åra har vore Kristian Fardal Opseth (2017), Andrea Voll Voldum (2016), Olav Hylland (2015), Gaute Stadheim (2014), Brannmannskapa i Aurland (2013), Emilia Polbratek (2012).


I 2017 var desse kandidatar til prisen: Kristian Fardal Opseth, Trine Lerum Hjellhaug, Anne Gine Hestetun, Bjørn Skovly, Kjartan Lauritzen og Olav Skarsbø.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida