PÅ TAKET: Solcellepanel vert montert på taket. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Her er dei først ute med fylkeskommunale solceller

Sogn og Fjordane fylkeskommune monterer i desse dagar det første fylkeskommunale solcelleanlegget i fylket på Sogn jord- og hagebruksskule.

Publisert 23.08.2019 kl. 06.37.

Anlegget dekkjer eit takareal på om lag 350 kvadratmeter. Installert effekt er ca. 46 kWh, og venta årleg energiproduksjon er ca. 34 000 kWh, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Solcellepanelet kjem fjøsen, ysteriet og gartneriet på jord- og hagebruksskulen i Aurland til gode. Bygge- og eigedomstenesta i fylkeskommunen reknar med at drifta av desse tre kjem til å vera nesten heilt dekka av solenergi om sommaren.

Solcelleprosjektet vert realisert saman med bygging av nytt ysteri og renovering av ekstisterande fjøs på skulen og er finansiert med miljøprosjektmidlar. Solcellepanela er intergrert i bygga, som yttertaka på bygga.

Solenergi ligg inne i fleire av dei store fylkeskommunale byggeprosjekta, vert det opplyst.


Siste saker Gå til framsida