FEKK PRIS: Lærar Gry Tokvam og elev Elin Rømo Grande tok imot prisen for Sogn Jord- og Hagebruksskule. (Foto: Sogn Jord- og Hagebruksskule)

Henta heim to matprisar til Sogn

To av åtte prisar under utdelinga av Matprisen 2018 gjekk til Sogn.

Publisert 20.11.2018 kl. 09.14. Oppdatert kl. 12.48.

Sogn Jord- og Hagebruksskule vann prisen Årets formidlar og Balholm vart Årets produsent under Matprisen 2018 i Oslo måndag kveld.


Takka

Frå Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland var det lærar Gry Tokvam og elev Elin Rømo Grande som tok imot prisen.


Tokvam fortel at det var ei stor oppleving.


- Dei byrja heile prisutdelinga med prisen Årets formidlar, og då vart me tekne litt på senga. Men det var utruleg kjekt då dei byrja å lesa skildringa av vinnaren, og me forstod at det kunne vera oss.


Ho fortel at dei ikkje visste på førehand at det skulle bli Sogn Jord- og Hagebruksskule - av dei tre nominerte - som fekk prisen.


- Men me hadde førebudd ein takketale, seier Tokvam, som tykte det var veldig kjekt å få ta imot prisen saman med ein elev ved skulen.


Dei to takka mellom anna dei som for 101 år sidan starta det heile, og som såg kor viktig det er å formidla kunnskap om å produsera mat. Nemnde i takketalen var også dei framsynte som la om drift og pensum alt for tretti år sidan, slik at SJH vart den fyrste - og framleis einaste - heiløkologiske landbruksskulen i Noreg.


- Ekstra motivasjon

Jurymedlem Else Skålvoll Thorenfeldt, dagleg leiar i Stiftelsen Kore, fortel at juryen er imponert over Sogn Jord- og hagebruksskule sitt arbeid med å utdanna framtidas matprodusentar.


- Dei bidreg til å spreia god økologisk agronomi, og er ein utmerka formidlar av kunnskap gjennom sitt gardsbruk, seier ho.


Tokvam meiner prisen betyr mykje for Sogn Jord- og Hagebruksskule, både ved å gje ekstra motivasjon og i høve det å gjera skulen betre kjend.


- I den store samanhengen er me små, men veldig gode. Me spreier ringar i vatn heile tida. Kvart år går det ut elevar herfrå med mykje kunnskap, og me har folk innom på kurs. Me spreier kunnskap til mange, ikkje berre bønder, men til mange som er opptekne av rein mat og det å ta vare på matjorda for framtida.


Tokvam legg til at dei gler seg over at også Balholm i Balestrand fekk pris under utdelinga av Matprisen 2018.


- Me har mykje å spela på her mellom fjell og fjord.


Balholm

Solveig Eitungjerde og Ragnhild Eitungjerde Høyvik tok imot prisen for Balholm. Verksemda i Balestrand har laga økologiske drikkeprodukt av frukt heilt sidan 1999, og er veteranar i bransjen.


- Me har, saman med Sogn Jord- og Hagebruksskule, vore med og drege øko-lasset, så det er kjekt å få påskjøning for jobben me har gjort, sa Åge Eitungjerde hjå Balholm til Sogn Avis då nominasjonane til Matprisen var klare.


Jurymeldem Ingrid Kleiva Møller seier at juryen ikkje kan tenkja seg oss ein meir verdig vinnar av Matprisen 2018 enn Balholm, som både er tradisjonsberarar og fornyarar innan sin sjanger.


- Dei har med smittande entusiasme og god formidlingsevne sørga for auka økologisk produksjon, samt ei auka bevisstgjering rundt kvalitet og nyvinning innan frukt- og bærproduksjon, seier ho.


 


Grunngjeving

Dette var grunngjevingane for nominasjonane av Sogn Jord- og Hagebruksskule og Balholm:

Sogn Jord- og Hagebruksskule: «I 101 år har Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland utdannet ungdommer og voksne i agronomi. Siden sent på 1980-tallet har skolen vært en landslinje som tilbyr utdanning i økologisk landbruk og bærekraftig samfunnsutvikling. Skolen er det opplagte stedet for alle som vil drive økologisk landbruk. SJH har gjennom kursvirksomhet utdannet mange av de som driver med småskalaysting i dag. I tillegg til undervisning av elevene, drives det på SJH et ressurssenter til glede for lokale mat- og serveringsvirksomheter. Sogn Jord- og Hagebruksskule har en unik rolle i å forme et framtidsrettet og bærekraftig landbruk i Norge.»
 
Balholm: «Balholm har gjennom 20 år jobbet med fruktdyrking og foredling av frukt og bær. De er tradisjonsbærende nyskapere i sin produksjon av alkoholholdige og alkoholfrie fruktdrikker. Kvaliteten er høy og sortimentet stort. De utmerker seg ikke bare på produktsiden, men også på produksjonssiden. Gjennom ordningen «rekruttfrukt», i samarbeid med Godt Brød, solgte de drikke fra gårder under omlegging til økologisk drift. Balholm har bidratt enormt mye for å øke andelen og heve kvaliteten på økologisk fruktproduksjon i Sogn, og i resten av landet.»
Matprisen heidrar dei som er med på å auka forbruket og produksjonen av økologisk og berekraftig mat. Det er den statlege godkjenningsordninga DEBIO som står bak nominasjonen og prisen.


Siste saker Gå til framsida