Haustestoggen oppheva - får levera plommene

Publisert 17.09.2019 kl. 11.53.

Tysdag opna Leikanger Fruktlager, Sognefrukt SA, opp att for levering av plommer på resten av sesongen, og Bama melder at dei kjem til å selja norske plommer i to veker til.


Måndag fortalde Elin Falkgjerdet på Hermansverk til Sogn Avis at ho venta på tilbakemeldig på om haustestoggen kom til å bli oppheva.


- Eg har lyst å få levera det som er brukande, seier ho, og fortel at ho alt er i gang att med innhaustinga som kan berga inn att litt av tapet.