STÅR SAMAN: June Holm (25) og Andrea Voll Voldum (21) har starta stifting for valdtekstofre. (Foto: espen-solli.com)

Har starta stifting for valdtektstofre

For å hjelpa andre som har blitt utsett for det same, har Andrea Voll Voldum (21) og June Holm (25) no starta ei stifting for valdtektsofre.

Publisert 12.02.2017 kl. 17.13. Oppdatert kl. 18.06.
- Me står saman mot valdtekt og føler me har ei viktig stemme i denne debatten, seier Voldum.
EG TRUR DEG: Over 300 møtte opp til demonstrasjon utanfor rådhuset i Lærdal i fjor sommar. (Foto: Elin Hæreid)

Massiv merksemd

Stiftinga har fått slagordet: «Vi Tror Deg», eit slagord som vart brukt over heile landet etter at Voldum valde å stå fram med sin historie i fjor sommar. 
 
Våren 2014 opplevde den då 18 år gamle jenta å bli dopa ned og valdteken på ei hytte i Hemsedal. Tre menn frå Oslo vart frifunne. Dette trass i at det var eit fleirtal, fire mot tre domarar, i Borgarting lagmannsrett som meinte at dei var skuldige. 
 
Historia vekte eit engasjement i folket. Demonstrasjonar vart halde landet over, og saka fekk massiv merksemd i media.
 
Tusenvis møtte opp for å støtte demonstrasjonen i Oslo, der dei mest framståande parolane var #Jeg tror deg og #Bedre rettssikkerhet for kvinner.
 
 
ÅRETS SOGNING: Andrea Voll Voldum blei kåra til Årets Sogning av Sogn Avis sine lesarar i 2016.

Vart valdteken som 18-åring

- Målet med stiftinga er å førebyggja valdtekt, avdekkja seksuelle forbytingar og overgrep, styrkja rettstryggleiken og ta vare på valdteksofre og deira pårørande, seier June Holm, som har teke på seg rolla som dagleg leiar i stiftinga.
 
Holm var berre 18 år då ho sjølv blei valdteken. Saka enda med at ein mann blei dømd for valdtekt - etter heile fire rundar i retten.
 
Under markeringa for kvinners rettsvern i Oslo i fjor, delte ho sin historie til støtte for Andrea. 
VANN JENTEPRISEN: Andrea vann jenteprisen av Plan Norge i 2016. (Foto: Eivor Eriksen/Plan Norge)

Står saman

No står dei saman mot valdtekt.
 
- Me vil med dette halda fram å jobba kontinuerleg med å fjerna stigmaet rundt å føle skam og skuld, samt få meir openheit, seier Holm, som i fjor vann årets gullpenn i Vixen Blog Awards for å ha teke opp tabubelagde tema som valdtekt.
 
Ope har ho delt tankar kring valdtekt ho sjølv er blitt utsett for, og den vanskelege tida etterpå, på bloggen sin. 
 
Stiftinga skal bidra til å skapa haldningskampanjar, medieaktivitetar og andre prosjekt for å oppfylle jentene sine visjonar.
 
 
- Me ønskjer at alle skal føla seg sett og høyrt, seier Voldum som håpar at stiftinga bidreg til å hjelpa fleire jenter som har vore utsett for det same.
 
- Me vil setja valdtekt på dagsorden. Me ønskjer å hjelpa andre og få til eit bra tilbod til både jenter og gutar som har blitt utsett for det same som oss. I tillegg skal dette vere eit tilbod til pårørande, noko det er lite av i dag.

Viser eit brennande engasjement

Ho får støtte frå sin nye samarbeidspartner:
 
- I dag er det eit altfor dårleg tilbod. Eg snakkar for meg sjølv, men det tok heile tre månadar før eg i det heile teke fekk psykologihjelp etter at eg vart utsett for dei grufulle hendingane. 
 
- Eg var ganske hjelpelaus og rådvill etter det som skjedde meg for sju år sidan, så eg har stor tru på dette prosjektet.
 
I seks månadar har jentene jobba med «Vi Tror Deg»-stiftinga. Visjonen fekk dei kort tid etter at dei møttest i Oslo.
 
- Me har funne mykje trøyst hjå kvarandre. Me har ganske like historier og det har motivert oss til å ta denne kampen vidare. Me har begge eit brennande engasjement for betre rettstryggleik for kvinner og om å fjerna stigmaet rundt å føle skam og skuld, samt meir openheit, seier Holm.

Lanserte nettside søndag

Søndag var tida komen for lansering av nettsida: vitrordeg.com.
 
- Me har berre fått positive tilbakemeldingar på at me har valt å starte denne stiftinga. Folk me har prata med om dette seier det er eit godt tilbod som ein verkeleg treng. 
 
I tida framover håpar dei å kunne få etablera seg i Oslo med kontor og besøksstad.
 
- Me har fått med oss mange på laget som vil hjelpa oss vidare. Men det er klar at til meir støtte og inntekt, til meir vil me få til, seier 25-åringen.
 
Mellom anna har dei planar om å reisa rundt om i landet å halde føredrag.
 
- Då håpar me å kunne sjå dette frå fleire vinklar og ønskjer å invitere med oss politi, advokatar og psykologar, seier dei.
 

Les meir om: Nyhende Lærdal

Siste saker Gå til framsida