Har fått kontakt med sakna turgåar

Familien kontakta politiet då turgåar ikkje kom attende etter fjelltur. No har han kome i kontakt med dei.

Publisert 18.06.2019 kl. 06.35. Oppdatert kl. 08.25.

Politiet og frivillig mannskap vart kalla ut då politiet tidleg tysdag morgon fekk melding om at ein mann i 40-åra ikkje hadde kome tilbake etter ein fjelltur i Vik måndag.


Politiet fekk melding like før klokka 05 frå familien til mannen. Klokka 07 fekk politiet ei ny melding frå familien om at mannen hadde fått kontakt med dei. Då hadde dei ikkje hatt kontakt med han sidan klokka 15 måndag.


Teke seg inn i hytte

- Han har teke seg inn i ei hytte der han har vore i natt. Han har utfordringar med å koma seg ned att, det skal mellom anna vera mykje vatn i området, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen hjå politiet.


Ifølgje det politiet har fått opplyst skal han vera i området Vatnane, som ligg mellom Arnafjord og Finnafjorden i Vik.


- Me har no ein ide om kvar han kan vera, og vil bistå han med å koma seg trygt ned att, seier Knappen. 


Turist frå Tyskland

Mannen, som er turist frå Tyskland, var i eit følgje på fire.


- Dei var fleire som var på tur, men han har gått lenger enn dei andre, fortalde operasjonsleiar Arve Samsonsen hjå politiet rundt klokka 06.30 tysdag.


Han kunne då opplysa at dei var i ferd med å senda ut eige mannskap og frivillige for å iverksetja søk etter mannen.


Les meir om: Nyhende Vik