TILRÅDD: Ole Gunnar Krakhellen er innstilt som konstituert rådmann i Sogndal. Kommunestyret handsamar saka torsdag. (Arkivfoto)

Han kan bli konstituert rådmann i Sogndal

Sogndal kommune må ha ny rådmann fram til kommunesamanslåinga.

Publisert 14.02.2019 kl. 09.15. Oppdatert kl. 09.28.

Ordføraren tilrår kommunestyret å konstituera Ole Gunnar Krakhellen som rådmann.

Rådmann Jostein Aanestad er tilsett som rådmann i Øystre Slidre, og tek til seinast 1. mai 2019. Stig Arne Thune tilsett som rådmann i nye Sogndal kommune, men det er frå 1. januar 2020.

- Sidan Sogndal kommune er i ein omstillingsprosess ved etablering av nye Sogndal kommune legg ordførar vekt på å få konstituert ny rådmann i god tid før sitjande rådmann trer tilbake. Det vil gje noko tid for overlapping mellom sitjande rådmann og ny konstituert rådmann. Sitjande rådmann og konstituert rådmann må snarast laga ein plan for korleis overgangen mellom dei to kan gjennomførast til det beste for kommunen. Ordførar har i si tilråding lagt vekt på at val av kandidat at arbeidet i nye Sogndal kommune vert minst muleg råka, skriv ordførar Jarle Aarvoll i saksframlegget.

Krakhellen er i dag i kommunalsjef i Sogndal kommune, og har tidlegare vore ordførar, for Høgre, i Solund kommune.

 


Les meir om: Nyhende Politikk Sogndal