DOM: Tiltalte ville ikkje bli verande på sjukehuset, men ferda i den stolne bilen stogga fort.

Hamna på sjukehus etter slåstkamp - stal bil og krasja etterpå

Festen starta på Målrock, gjekk via sjukehuset i Lærdal før den enda i ei grøft med stolen bil og promille.

Publisert 10.12.2018 kl. 17.00. Oppdatert kl. 17.01.

Tiltalte ville ikkje opplysa i retten om kor mykje alkohol han konsumerte denne augustkvelden og natta det gjekk litt over styr, men han forklarte at full var han og det var drukke både sprit og heimelaga vin.


Metallfelg

Bråket starta då han hamna i slåstkamp og vart slått i hovudet med ein metallfelg. Dette medførte at han vart sendt til Lærdal sjukehus med ambulanse, der han vart både plastra og stripsa.


Dei ville gjerne ha karen til å bli natta over på sjukehuset, men det hadde han ingen interesse av. Dermed forlét han sjukehuset og det neste han hugsa var at han køyrde ein bil ned i ei grøft.


Bilen hadde han stole og turen enda i grøfta ikkje så langt frå sjukehuset. Hendinga vart observert av eit vitne som filma både mannen og bilen.


Då han ikkje kom seg opp att på vegen med bilen, gjekk han til fots derifrå og oppsøkte ein kjenning som gav han skyss heim.


Nye sko

Først etterpå forstod kjenningen kva som hadde skjedd og kontakta politiet som reiste heim til tiltalte.


I mellomtida hadde eigaren av bilen oppdaga at bilen var stolen og stod krasja i ei grøft i nærleiken. To flettande nye par sko som låg i bilen, var brukt som underlag under hjula i eit forsøk på å få bilen på rett kjøl att.


Sogn og Fjordane tingrett har kome fram til ei høveleg straff på 30 dagar fengsel på vilkår, ei bot på 22.500 kroner, sperrefrist på førarkortet i 18 månader og til saman om lag 18.000 kroner i erstatning til forsikringsselskap og eigaren av bilen.


 


Les meir om: Nyhende