Hadde planar om ope trekk - men så kom regnet

Etter planen skulle Hodlekvetrekket og barnetrekket vore ope i dag, fredag. Slik blir det ikkje.

Publisert 11.01.2019 kl. 09.23.

«Optimismen var stor då me fikk eit lite snøfall på onsdagskvelden og på dagen torsdag. Så kom regnet omlag samstundes som me opna for kveldskøyringa på torsdagskvelden. Dermed tok det ikkje lang tid før snøen vart vekke på dei mest sårbare plassane i dei preparerte nedfartane», vert det opplyst på nettsidene til Sogndal skisenter.


Etter godt oppmøte i bakken tysdag og gode utsikter torsdag føremiddag, må dei no halda stengt fredag. Dagen vil bli brukt på å samla snø og få lagt det på dei mest kritiske plassane.


«Når dette er gjort vil me klare å halde ope Hodelkvetrekket og Barnetrekket i Hodlekve til helga», heiter det på nettsida til skisenteret.


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida