NAMNEBYTE: Bygget som Statsbygg tok over etter fylkeskommunen skal no heita Bragebygget. (Arkivfoto)

Gymnasbygget får nytt namn

Gymnasbygget er saga blott.

Publisert 20.06.2018 kl. 18.47.

Statsbygg overtok bygget frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og planlagt innflytting er ved årsskiftet.


Høgskulen på Vestlandet melder at det den siste tida har vore jobba med å finna eit nytt namn til bygget. Ei arbeidsgruppe beståande av tilsette og studentar har jobba med saka og valet har falle på Bragebygget, etter forslag frå studentane.


Før fusjonen var Brage namnet på det opne arkivet der studentar ved gamle høgskulen i Sogn og Fjordane kunne få publisera masteroppgåver og bacheloroppgåver med karakterane A og B.


Brage kjem frå norrønt og tyder den beste eller fremste. «Assosiasjonen er dermed knytt til skriving og gode prestasjonar, noko ein håpar vil inspirera brukarane av bygget», skriv høgskulen.


Les meir om: Nyhende Høgskulen Sogndal