AUDITION: Gunn Marit Kvåle deltok på audition i Bergen tidlegare i år. (Foto: Endre Forbord/TV2)

Gunn Marit kjem på TV-skjermen i Idol

Fredag kveld får du sjå Gunn Marit Kvåle frå Sogndal i aksjon i Idol.

Publisert 06.09.2018 kl. 21.09. Oppdatert kl. 21.15.

Gunn Marit Kvåle (16) frå Sogndal er ein av audition-deltakarane me møter i den fjerde episoden av Idol på TV2.


Artisttalentet frå Sogndal har allereie gjort seg bemerka lokalt, og har opptrådt på fleire arenaer.


Som kjent har Sogndal hatt fleire talent med i Idol, og Tone Damli Aaberge og Eva Weel Skram vart profilerte artistar etter det. No er det endå ein lovande 16-åring frå saftbygda som prøver seg på audition i den store talentkonkurransen, som er tilbake på tv-skjermane etter ein pause på to år.


TV2 opplyser at Gunn Marit Kvåle stilte med Kacey Musgraves-låta «Mother» då ho var på audition i Bergen, framfor eit dommarpanel beståande av artistmanagerane Gunnar Greve og Silje Larsen Borgan, samt Madcon-stjerna Tshawe Baqwa.


Korleis det heile gjekk blir klart når programmet går på lufta fredag kveld.


Les meir om: Nyhende Musikk Sogndal

Siste saker Gå til framsida