KLART FOR BARNEHUS: Ei eiga avdeling med barnehus skal etablerast i Sogn og Fjordane, det vart klart etter eit møte med justisministeren i dag. F.v. Frida Melvær (H), Per Willy Amundsen, (Frp) Britt Dalsbotten (Frp). (Pressefoto)

Grønt lys for barnehus

Politiet får i oppdrag å etablera ei avdeling med barnehus i Sogn og Fjordane.

Publisert 11.01.2018 kl. 15.27.

- Me har jobba mykje med dette sidan eit møte med departementet i fjor februar, og det er gledeleg å meddela at det kjem eit oppdragsbrev om å etablera Barnehus i Sogn og Fjordane, seier Frida Melvær (H).


No kan politiet, SYS IKL og Helse Førde starta det formelle arbeidet, fortel Melvær. 


Eit møte neste veke er viktig for oppstartsarbeidet, og Melvær håpar grunnlaget allereie er så godt at realisering kan skje raskt, med mål om andre halvår i 2018.

Harald Offerdal frå KS og fylkeordførar Jenny Følling (t.h.) fekk den gledelege beskjeden torsdag. (Pressefoto)

Aukande behov

- Svært mykje er alt på plass. Slik eg har opplevd det, har det vore ein god dialog mellom KS, politiet og helse i fylket. Ikkje minst har det vore positive og konstruktive samtalar med Barnehuset i Bergen. Mange partar skal ha stor honnør for arbeidet som er lagt ned, seier Frida Melvær.


Barnehuset skal liggja i Førde, med bakgrunn i at det er viktig å ha nærleik til sentralsjukehuset og fagleg kompetanse der. 


- Barnehuset er viktig for alle i Sogn og Fjordane. KS og politiet har vore tydelege på behovet, og jobba godt for å få det til. Dette er ei viktig sak for barn og unge sin rettstryggleik, seier Melvær.


Til no har barn måtte reisa til Ålesund eller Bergen, og Melvær meiner reisevegen gjer dei trøytte og kan påverka kvaliteten på avhøyr. Ho påpeikar og at behovet for barnehus i fylket har vore aukande.


- Me har 160-180 saker i Sogn og Fjordane kvart år, seier Melvær.


Møtte ministeren

Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesleiar i KS, Harald Offerdal, møtte justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen i Oslo torsdag. 

- Me har arbeidd i fleire år for å få dette til, og det er stor semje om at vi treng ei slik barnehusavdeling i Sogn og Fjordane. No kjem endeleg startskotet, noko som er svært gledeleg for oss som har jobba for dette, og ikkje minst for dei borna som no slepp lange reiser utanfor fylket når dei alt er i ein sårbar og vanskeleg situasjon, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding.

I møtet med ministeren vart det klart at det om kort tid vil kome eit oppdragsbrev som vert det formelle startssignalet for ei eiga barnehusavdeling i Førde. I statsbudsjettet for 2018 kom det ei tildeling på to millionar kroner, og dagens møte var ein viktig milepæl vidare i prosessen.

Blant dei som har jobba for eit eige barnehus i Sogn og Fjordane er KS og kommunane, Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale legevakt (SYS IKL), fylkeskommunen, Helse Førde, Politi Vest og Statens Barnehus i Bergen.

Saman har dei arbeidd godt og lenge for å få til eit eige tilbod her i fylket. Dei er samde om at det er eit stort behov for å legge til rette for at avhøyr og rettsmedisinske undersøkingar av born som er utsette for overgrep kan skje i Sogn og Fjordane. Saka har brei tilslutning frå politiske, administrative og faglege miljø, heiter det i pressemeldinga.