GRASBRANN: Måndag ettermiddag oppstod det grasbrann i nærleiken av ein gard i Bondeviki, mellom Sogndal og Fardal. (Foto: Jørn Njøs)

Grasbrannen er sløkt

Vil halda vakt ved området utover kvelden.

Publisert 15.04.2019 kl. 14.28. Oppdatert kl. 18.17.

- Brannen er no meldt sløkt.


Det seier vaktleiar ved Alarmsentralen, Jan Gunnar Holvik, til Sogn Avis like etter klokka 17.30.


- Brannmannskapet har kontroll og driv med nedkjøling og ettersløkking. Ein del mannskap er sende heim, men det vil vera att folk i området for å halda vakt utover kvelden.


Kalla ut sivilforsvaret

Det var ei stund fare for at brannen skulle spreia seg til hus i område, og sivilforsvaret vart kalla ut.


- Det er førebels ikkje kontroll på brannen. Sivilforsvaret er kalla ut for å hjelpa til med å få kontroll, sa Jan Gunnar Holvik på Alarmsentralen klokka 15.15.


Politiet opplyste klokka 15.10 at området som er brent er om lag 100 x 300 meter, men at det ikkje skal vera fare for spreiing til hus.


Uvisst brannårsak

Det var klokka 13.56 måndag det kom melding om grasbrann i Bondeviki mellom Fardal og Sogndal ved riksveg 55. Alle naudetatar rykka ut.


- Det brenn i gras og kratt. Brannvesenet var framme på staden for ti minuttar sidan. Dei meiner dei skal klara å sløkkja det relativt greit, sa Jan Gunnar Holvik på Alarmsentralen klokka 14.20.


Han opplyser at dei på Alarmsentralen ikkje kjenner til at det har vore planlagt brenning i området måndag.


- Me veit førebels ikkje kva som har gjort at det har teke fyr.


Fleire stader i fylket er det totalforbod mot bålbrenning på grunn av tørt terreng, men Sogn brann- og redning har så langt ikkje innført forbod.


Les meir om: Nyhende Sogndal