Grasbrann nær hus i Svelgen

Publisert 17.04.2019 kl. 11.03.

Politiet fekk klokka 09.30 onsdag melding om ein gras- og lyngbrann nær hus i Svelgen i Bremanger.


Klokka 09.48 opplyste politiet at brannvesenet heldt på med sløkking. Det vart opplyst at det var eit område på 10-12 kvadratmeter som brann. Avstand til nærmaste hus var då 15 meter.


Klokka 10.05 opplyser Alarmsentralen til NRK at brannmannskapa har fått kontroll over brannen.


Les meir om: Nyhende Notis Politi