I VEGBANA: Det blir bilkøyring midt i vegbana, og det blir rigga til ei fingert trafikkulukke, når scener til den danske filmen skal filmast på fylkesveg 630 i Galdane i Lærdalsdalen. (Arkivfoto: Terje Eggum)

Gamlevegen i Galdane blir filmkulisse

Det danske selskapet Nordisk Film Spring spelar inn film i Lærdal og Aurland.

Publisert 30.10.2019 kl. 17.28.

Frå søndag 3. til tysdag 5. november vert gamle fylkesveg 630 i Galdane i Lærdalsdalen omgjord til filmsett for innspeling av bilscener til den danske filmen «Vildmænd», går det fram av ei pressemelding frå vegvesenet.


Vinterstengd

Vegen er vinterstengd, og er alt sperra med bom i begge retningar.


- Mellom bommane blir det bilkøyring midt i vegbana, og det blir rigga til ei fingert trafikkulukke. Heile vegbana kjem difor til å bli stengd i innspelingsdagane, og det vert umogeleg for andre å ta seg forbi og inn til filmsettet. Dette gjeld også turgåarar og syklistar, fortel Lina Flint, produsent i Nordisk Film Spring.


Dansk komedie

«Vildmænd» er ein komedie, med mellom anna Sofie Gråbøl og Bjørn Sundquist på rollelista, som blir spelt inn i kommunane Aurland og Lærdal.


I ein dryg månad, mellom 21. oktober og 28. november, er filmteamet på rundt 30 personar i sving i Sogn.


- Me prøver å vera effektive og lite synlege for folk, slik at me er minst mogleg til hinder, forklarer Flint.


Teamet har base i Aurland, og skal gjera opptak fleire stader i området, går det fram av pressemeldinga.


- Godt eigna

Håvard Nesbø, som har vore location-ansvarleg for innspelinga, meiner eldre og vinterstengde vegar kan eigna seg godt som filmsett. Han trekkjer fram reklameverdien i å visa fram alle årstidene i Noreg.


- Nordisk Film sine opptak vil vera med på å syna fram området i ei tid på året då turistsesongen er låg, seier han.


Om filmen blir å sjå på norske kinoar, er ikkje avgjort, men han blir truleg tilgjengeleg på nettet, og Nesbø meiner det er naturleg at han blir sett opp også her i Noreg.


- Men dato er uvisst enno. Om alt går som planlagd, blir det premiere i Danmark neste haust.