Fylkesveg 180 stengd etter steinras

Publisert 22.03.2019 kl. 20.02. Oppdatert kl. 12.18.

Fylkesveg 180 i Fresvik er stengd etter at det fredag kveld gjekk eit steinras.


Politiet opplyser at ingen personar, køyretøy eller bygningar vart tekne av raset.


Politiet fekk melding om hendinga klokka 19.42.


Vegtrafikksentralen opplyser på sine nettsider at vegen er stengd ved Haukanes.


Vegen blir ikkje opna laurdag, og det blir ny vurdering søndag klokka 16.


- Ved naudsituasjonar kan truleg utrykningskøyretøy passera, og akuttmedisinsk beredskap vert i tillegg teken i vare av luftambulansen, skriv Vik kommune på sine nettsider laurdag.


Også på fv. 651 Stigedalsvegen i Nordfjord gjekk det eit ras fredag kveld. Der hadde ein personbil køyrt inn i raset, men ingen personar var skadde. Vegen vart seinare opna.


Les meir om: Nyhende Notis Politi Vik Trafikk