Fv 50 stengjer på grunn av uvær

Publisert 12.02.2019 kl. 20.30.

Fylkesvegen mellom Aurland og Hol er stengt på grunn av uvær. Det melder Vegtrafikksentralen.


Litt over klokka halv sju tysdag kveld vart det innført kolonnekøyring på strekninga. Men no er der altså heilt stengt.


På rv 13 over Vikafjellet er det framleis kolonnekøyring på grunn av uvær. Dei andre fjellovergongane er opne, men på Hemsedalsfjellet kan det verta innført kolonne på kort varsel.


Les meir om: Nyhende Notis Aurland