UTRYKKING: Ein bil var involvert i ulukka ved Fardal måndag ettermiddag. (Foto: Eli Grotle)

Full utrykking til ulukke

Smell på fylkesveg 55.

Publisert 04.06.2018 kl. 16.33.

Klokka 15.53 måndag ettermiddag vart det meldt om ei ulukke ved Fardal i Sogndal kommune.


- Me har fått melding om at det er ein bil involvert i ulukka, og personen i bilen har kome uskadd frå det heile, opplyser Jan Gunnar Holvik, vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø.


Han fortel vidare at det skal vera lekkasje frå bilen, og at det vil ta litt tid å få dette vekk frå vegbana.


 


Les meir om: Nyhende Sogndal