ENDRINGAR: - Me fryktar at dei svakaste områda ikkje vil få tilskot og at me dermed ikkje vil klara å oppretthalda gode vaktordningar slik dei er i dag, seier Ole Bjarne Hovland om endringane i tilskot til veterinærvakt. (Arkivfoto)

Fryktar ny tilskotsordning vil gå ut over dyrevelferd

Bøndene vil oppretthalda vaktordninga for veterinærar.

Publisert 09.07.2019 kl. 19.37.

- I verste fall kan eit bortfall av ei godt organisert veterinærvakt og ei endring i fordeling av midlar føra til at bønder ikkje får tak i veterinær utanom ordinær arbeidstid, seier Ole Bjarne Hovland, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, i ei pressemelding.


Rett før sommarferien vedtok Stortinget i kommuneproposisjonen for 2020 å legga det øyremerka tilskotet til veterinærvakt inn i det ordinære rammetilskotet til kommunane. I dag er kommunane i Noreg organisert i 160 vaktdistrikt som får øyremerkt tilskot for å ha veterinær tilgjengeleg døgnet rundt.


Hadde møte med ministeren

- Den noverande ordninga gjer at bøndene har ei forutsigbar og tilgjengeleg veterinærvakt utover ordinær arbeidstid. Dette er svært viktig for at bønder over heile landet skal kunne ivareta dyra si helse og dyrevelferd, seier Hovland i pressemeldinga.


Veterinærforeningane og Norges Bondelag hadde møte med kommunalminister Monica Mæland om saka torsdag 4. juli. Regjeringa si grunngjeving for endringa er at alle øyremerka tilskot skal delast ut som rammetilskot. Veterinærforeningane og Norges Bondelag etterlyser ei betre grunngjeving og ei konsekvensutgreiing av forslaget.


- Me ynskjer at vaktordninga blir opprettheldt og i det minste vidareført til konsekvensane av ei endring er skikkeleg utgreidd. Kommunane har ei lovpålagt plikt til å syta for ei tilstrekkeleg veterinærdekning, men no er det uklårt om kommunane klarer å ta over oppgåvene og administreringa når vaktdistrikta opphøyrer frå nyttår. Ikkje alle kommunar har vore involvert i organiseringa av vaktdistrikta og manglar dermed viktig kunnskap om ordninga, seier Hovland.


Landbruksnøkkel

I ein merknad frå Stortinget si behandling i juni, heiter det at midlane skal fordelast etter ein landbruksnøkkel. Det kjem regjeringa tilbake til i forslag til statsbudsjett for 2020.


- Dagens vaktdistrikt er etablert på grunnlag av dyretal og køyreavstandar. Dersom endringa blir gjennomført må tilskotet fordelast etter behov, der husdyrproduksjon og landbruksverksemd må leggast til grunn. Me fryktar at dei svakaste områda ikkje vil få tilskot og at me dermed ikkje vil klara å oppretthalda gode vaktordningar slik dei er i dag, seier Hovland.


Les meir om: Nyhende Landbruk