FØRST: Kristin Øvstetun var først over nye Loftesnesbrui. (Foto: Renate Sæle)

Først over nyebrua

Statens vegvesen opna nye Loftesnesbrui for trafikk torsdag.

Publisert 30.11.2017 kl. 16.19. Oppdatert kl. 16.48.

- Dette er supert, seier Kristin Øvstetun.


Ho køyrde første personbilen over nye Loftesnesbrui.


- Eg skulle berre til Kaupanger ein tur og forventa ikkje dette, seier ho.


Ho bur i Kvamsviki og er ofte på Kjørnes for å besøka barn og barnebarn. Då kjem nyebrua godt med.


- Det står stor respekt av at entreprenørane har klart å avvikla trafikken så bra under byggjinga av den nye brua seier ho.


 

LANDEMERKE: Loftesnesbrui er eit blikkfang frå begge sider. (Foto: Renate Sæle)

Mjuke trafikantar

Etter ei kort markering vart trafikken sett i gang på den nye brua.


Den gamle Loftesnesbrua kom i 1958, men no er det slutt. Rivinga startar over helga.


- Endeleg har me fått ei skapleg bru, det var nok den gamle også i si tid, men den tida er forbi, sa Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.


Den gamle brua var lite eigna for mjuke trafikantar og Finden var særleg glad for at desse no får eigna plass på nyebrua.


- Her er det plass til tre barnevogner attmed kvarandre.

Det vanka blomar og gratulasjonar til dei to første som køyrde over. (Foto: Renate Sæle)

Landemerke

Han reknar nyebrua som viktig del av utviklinga i Sogndal sentrum. Særleg sett i samanheng med fjordstien og betra moglegheiter for turar på loftesnesområdet.


- Dette er er meir enn ei bru, sa ordførar Jarle Aarvoll under brumarkeringa.


- Den gamle brua var eit landemerke i 59 år. Ho vart bygd i 1958, då vart eg fødd. Eg har tenkt den gamle brua er utgått på dato, så spørst det om andre også er det, kommenterte han.


Offisiell opning av brua blir neste sommar.


 

LYS: Brua skal få lys som framhevar arkitekturen. (Foto: Renate Sæle)

Les meir om: Nyhende Samferdsle Sogndal

Siste saker Gå til framsida