VILLE HA INNFØRT VARMMAT: Om Kolbein var rektor på skulen sin for ein dag hadde han endra reglane slik at alle elevar fekk varmmat kvar dag.

Kolbein vil bli filmkomponist

Heilt sidan Kolbein Eide Bukve (16) var liten har han hatt ei brennande interesse for musikk. Han byrja tidleg å spela i korps og går no på musikklinja i håp om å landa draumeyrket, som er å bli filmkomponist.

Publisert 14.05.2019 kl. 15.50.

Friminuttet

Namn: Kolbein Eide Bukve


Alder: 16


Bur: Sandane


Skule: Firda Vidaregåande skule


Klasse: 1. klasse musikk


Favorittfag: Musikk


Verste fag: Matte


Reisemål: USA


Likar ikkje: Pollen


Drikk helst: Blåbærsaft


Står opp: 08.10


Legg meg: 23.30


Favorittprogram: Game of Thrones


Klarer meg ikkje utan: Luft

- Korleis er ein perfekt start på skuledagen?


- Eg vaknar tidleg, så et eg frukost og kjem meg til skulen tidsnok.


- Ein dag utan nett, korleis vil du bruka den?


- Vore med vener.


- Ranger dei fem viktigaste nettstadane/appane for deg?


- HBO, YouTube, Facebook, Netflix og Instagram.


- Kva er det for lite og for mykje av på sosiale medium?


- For mykje fake news og for lite real news.


- Om du var rektor for ein dag, kva ville du ha endra på skulen din?


- At me fekk varmmat kvar dag.


- Kva tenkjer du om kommunesamanslåing?


- Det er dumt, men nødvendig.


- Favorittlunsjen?


- Kanskje middagsrestar.


- Beskriv ein god lærar?


- Ein som ser deg og klarar å gjera timane interessante for alle.


- Beskriv ein god elev?


- Ein som følgjer med og gjer sitt beste.


- Du er ferdig på skulen, kva gjer du på fritida?


- Heng med vener, øver og trenar av og til.


- Kva er det viktigaste du har lært på skulen?


- At ein skal akseptera alle.


- Kva tykkjer du om å ha to skriftspråk i norsk?


- Det er veldig viktig. Fordi om me ikkje hadde hatt det i skulen, hadde nynorsk forsvunne. Det held nynorsken i live.


- Draumejobben er?


- Filmkomponist. Å laga musikk til filmar tykkjer eg hadde vore ein heilt fantastisk jobb. Eg har stor interesse for musikk og det er difor eg valde å byrja på musikklinja. Heile livet har eg likt musikk og har spelt korps i 10-11 år. Korps og musikk generelt kjem nok til å vera sentralt heile livet mitt.


- Korleis får ein eit godt klassemiljø?


- Ein aksepterer og respekterer alle uansett.


- Kva er ditt beste skuleminne?


- Då me vann 1000 kroner i pantelotteri og brukte alt på smågodt.


- Kvar vil du helst bu og jobbe når du blir vaksen?


- Det tykkjer eg er vanskeleg. Me får sjå, eg veit ikkje endå.


- Kva fritidsaktivitetar saknar du på din heimstad?


- Bowlinghall hadde vore kjekt.


- Kvifor er det viktig å ta vare på miljøet, og korleis kan du bidra?


- Me har berre ein klode. Eg kjeldesorterer og går til skulen.


- Ditt favoritt dialektord eller uttrykk?


- Snedde som tyder bra/flott/greitt.


- Kven er draumelæraren?


- Ingrid og Øystein. Mine noverande kontaktlærarar.


- Dersom du hadde ei superkraft, kva ville det vore?


- Å verta usynleg.


- Kva vil du helst lesa meir om i lokalavisa?


- Eg likar friminuttspalta! Meir slikt!


- Korleis tenkjer du feira 17. mai?


- Eg spelar auphonium i korps, så eg skal marsjere i heimbygda.


- Og kven får helsinga di gjennom avisa?


- Bestemor og bestefar.


Les meir om: Nyhende Luster Saueflokken Ung