INSPIRERT: Grey's Anatomy har inspirert Katinka Lundheim til å bli kirurg. Elles drøymer ho om å bli profesjonell dansar.

Katinka vil bli kirurg

Katinka Lundheim vil bli kirurg etter inspirasjon frå Grey`s Anatomy, og gjerne bu på Leikanger.

Publisert 11.01.2019 kl. 15.07.

Friminuttet

Namn: Katinka Lundheim


Alder: 15 år


Bur: Leikanger


Skule: Leikanger ungdomsskule


Klasse: 10A


Favorittfag: Gym


Verste fag: Naturfag


Reisemål: Tyskland


Likar ikkje: Likar det meste


Drikk helst: Vatn


Står opp: 6.30 på kvardagar, 11-tida i helgene


Legg meg: Rundt midnatt


Favorittprogram: Grey's Anatomy


Klarer meg ikkje utan: Mobil

Korleis er ein perfekt dag i ferien?


- Ein perfekt dag startar med å eta ein god frukost, ha god tid og bruka tid med vener og familie.


Ein dag utan nett, korleis vil du bruka den?


- Då vil eg bruka dagen med vener og familie, kanskje laga mat eller finna på noko anna kjekt.


Ranger dei fem viktigaste nettstadane/appane for deg?


- Snapchat, Instagram, YouTube, Spotify og Facebook.


Kva er det for lite og for mykje av på sosiale medium?


- Det er for mykje kroppspress og for lite fokus på miljø og global oppvarming.


Kvifor er det viktig å ta vare på miljøet, og korleis kan du bidra?


- Det er viktig for å bevara naturen slik den er no, slik at neste generasjon kan oppleva det same som me gjer, og slik at me unngår utrydjing av dyr som følgje av øydelagt miljø. Eg bidreg med å resirkulera, og eg plukkar opp plast i naturen når eg ser det.


Beskriv ein god lærar?


- Ein god lærar kan vera alvorleg og samstundes ikkje ta seg sjølv så høgtideleg, vera god å læra vekk, og snill.


Beskriv ein god elev?


- Ein god elev inkluderer og er grei med andre, gjer lekser og det ein skal på skulen.


Korleis får ein eit godt klassemiljø?


- Det får ein ved at alle respekterer kvarandre og kvarandre sine forskjellar, og at me har det bra i lag og ingen snakkar stygt om, eller mobbar kvarandre.


Kva er ditt beste skuleminne?


- Polen-turen, fordi me fekk sjå eit nytt land og oppleva kulturen der, som på folklore-kvelden.


 


Kva gjer du på fritida?


- Eg er mykje med vener, dansar og ser på seriar, då spesielt Grey's Anatomy og The Vampire Diaries.


Draumejobben er?


- Grey's Anatomy har inspirert meg til å bli kirurg. Elles drøymer eg om å bli profesjonell dansar.


Kvar vil du helst bu når du blir stor?


- Eg vil gjerne bu på Leikanger! Helst ikkje ein veldig stor plass, eg trur ein by blir for stort. Ein liten plass som her er fint.


Ditt favoritt dialektord eller uttrykk?


- Bindetvåga.


Dersom du hadde ei superkraft, kva ville det vore?


- Reisa tilbake i tid for å sjå korleis dei levde.


Kva vil du helst lesa meir om i lokalavisa?


- Eg vil gjerne lesa meir om ungdom, kanskje om korleis ungdom engasjerer seg i kommunesamanslåinga.


Kva tykkjer du om kommunesamanslåinga?


- Har blanda kjensler om kommunesamanslåing, for eg tykkjer det er dumt at Leikanger ikkje får vera sin eigen kommune. Men det er også spennande med noko nytt, og eg trur kanskje forholdet mellom ungdomane i Balestrand, Leikanger og Sogndal blir betre.


Og kven får helsinga di gjennom avisa?


- Besten og besta.


 


Siste saker Gå til framsida