SISTE ÅRET: Marius Pellegrino (t.v.) og Amund Bäckström Vikdal gler seg til russetida.

Amund håpar på å få jobb i nærområdet når han blir vaksen

Amund Bäckstrøm Vikdal vil gjerne jobba på ungdomsskulen i heimbygda.

Publisert 16.09.2019 kl. 15.32.

Friminuttet

Namn: Amund Bäckström Vikdal


Alder: Snart 18 år


Bur: Leikanger


Skule: Sogndal VGS


Klasse: 3. klasse idrettsfag


Favorittfag: Treningslære og Breidde-idrett


Kva song har du på hjernen? The lion sleeps tonight


Likar ikkje: Marius


Kor mykje søvn: 6 timar kvar natt


Klarer meg ikkje utan: Marius

- Korleis bruker du ein dag utan nett?


- Ein dag utan nett ville eg ha nytta til å trena og å sove mykje. Utfordringa med ein dag utan nett ville vore at eg ikkje kunne sett på serie, så eg ville ikkje prøvd det.


- Kva tre appar bruker du mest?


- Facebook, Snapchat og Tinder.


- Kva saknar du på sosiale media og i avisa?


- Eigentleg ikkje noko spesielt fordi eg ikkje les avisa til vanleg. På sosiale media har eg heller ingen god idé. Eventuelt meir om kampane i 4. divisjon.


- Kva var det siste du googla?


- Det var vel Kringom eller noko slikt. Eg måtte sjekka når bussen til skulen gjekk i dag tidleg. Det er supert at det er så lett å sjekka det om ein blir usikker!


- Kven kjem på besøk og kva serverer du?


- Marius kjem og då serverar eg vanlegvis pizza. Det varierer litt om det er heimelaga det går i, eller om det er Big One, men som regel er det Big One! Dersom det er heimelaga så lagar eg den saman med Marius, og eg synest det er så koseleg!


- Korleis får ein eit godt klassemiljø?


- Respektera andre, og ein god elev er ein som klarer å vera sosial samstundes som han er flink på skulen. Ein kan multitaska ved å følgja med og samstundes ha det kjekt med klassekameratane. Ein god lærar er ein som ikkje er så nøye på alt mogleg og klarar å tulla og ha det morosamt. Lars Olav Halleråker *kremt* er eit godt eksempel!


- Kva er draumejobben?


- Lærar. Eg vil bli det sidan det er heilt ok løn og driiitmykje ferie!


- Favoritt dialektord eller uttrykk?


- Rotasloe og livrahogg. Rotasloe tyder at ein er litt roten eller slapp. Livrahogg tyder at ein har sting eller hold og det høyrest tøft ut!


- Kva skal til for at du busett deg i Sogn som vaksen?


Dersom det er ledig jobbtilbod så blir eg verande. Eg skal jo bli lærar, så dersom nokon kan leggja inn eit godt ord for meg til Ingun Marie på ungdomsskulen i Leikanger hadde det vore supert!


- Kva må til for å hindra klimakrisa?


- Folk må byrja å sortera meir bos! Eg veit om mange som berre samlar alt ned i ein pose, for så å kasta det i same konteinaren. I tillegg til dette må me kutte ut plastikk-sugerøyr. #SaveTheTurtels!


- Kven får helsinga di gjennom avisa?


- Skjærgården 2020 får den. Det er den første russegruppa i Sogndal som har investert i buss og består av dei beste karane!


 


Siste saker Gå til framsida