TENKJER PÅ FRAMTIDA: - Det er viktig å ta vare på klimaet fordi det kjem fleire generasjonar etter oss, seier Oline.

- Viss du kjøper mindre så gjer du noko for miljøet

Oline (17) er oppteken av at det kjem generasjonar etter oss og vil gjerne slå seg til ro i eit lita bygd.

Publisert 22.06.2019 kl. 18.59.

Friminutt

Namn: Oline Kleiven


Alder: 17


Bur: Leikanger


Skule: Sogndal vgs


Klasse: 1 stc


Favorittfag: Gym


Verste fag: Naturfag


Reisemål: USA


Likar ikkje: Negative folk


Drikk helst: Vatn


Står opp: 20 minutt før bussen går


Legg meg: 23.00


Favorittprogram: Game of Thrones


Klarer meg ikkje utan: Venene mine og sjokolade

- Korleis er ein perfekt start på skuledagen?


- Det er når eg rekk bussen på morgonen og startar dagen med fritime.


- Ein dag utan nett, korleis vil du bruka den?


- Då reiser eg på joggetur og er sosial med vener.


- Ranger dei fem viktigaste nettstadane/appane for deg?


- Spotify, Instagram, Snapchat, Netflix og YouTube.


- Kva er det for lite og for mykje av på sosiale medium?


- Eg tykkjer det er altfor mykje annonse og reklame, og no som folk har byrja å bli opptekne av viktigare ting er det ikkje for lite av noko eigentleg.


- Om du var rektor for ein dag, kva ville du ha endra på skulen din?


- Det er alt for lite aktivitetsdagar, det hadde eg arrangert meir av. Og så hadde eg gitt lenger matfri.


 - Kva tenkjer du om kommunesamanslåing?


- Eg hadde helst sett at Leikanger blei verande sin eigen kommune, sidan me no må skifta namn på ting og det verkar som at alt blir flytta til Sogndal, slik som banken. Men det går greitt.


- Favorittlunsjen?


- Pastasalat frå kantina.


- Beskriv ein god lærar?


- Det hjelper ikkje å vera god i eit fag om ein ikkje er god å læra vekk. Det er viktig å ha humor for å få med alle elevar, og ikkje verta oppgjeven om nokon ikkje kan eller skjønar alt. Rett og slett sjå alle og vera positiv.


- Beskriv ein god elev?


- Ein god elev føl med i timen og engasjerer seg munnleg, løfter opp elevar rundt seg med positive og oppmuntrande kommentarar.


- Du er ferdig på skulen, kva gjer du på fritida?


- Eg er som regel ute med vennene mine, spelar fotball og likar godt å jogge, helst i Henjadalen eller skogen.


- Kva er det viktigaste du har lært på skulen?


- Spesielt på ungdomsskulen var det stort fokus på å inkludera folk og behandla folk med respekt. 


- Kva tykkjer du om å ha to skriftspråk i norsk?


- Det er heilt greitt å ha to skriftspråk, men eg trur dei kjem til å bli slått saman til slutt, sidan dei blir meir og meir like. Det hadde kanskje vore enklare å hatt berre eitt, og heilt ærleg er eg flinkare til å skriva på bokmål. Likevel er det fint at me har begge, sidan dei tilhøyrer norsken.


- Kvifor er det viktig å ta vare på miljøet, og korleis kan du bidra?


- Det er viktig fordi det kjem fleire generasjonar etter oss som skal bu her, som me må tenkja på. Eg bidreg med å kjeldesortera og generelt kjøpa mindre ting, sidan det alltid kjem i plastemballasje. Eg trur at viss du kjøper mindre, både klede og ting generelt, så gjer du noko for miljøet.


- Ditt favoritt dialektord eller uttrykk?


- Eg kan berre eitt dialektord, som er «strint». Det betyr at noko er løge eller litt spesielt.


- Dersom du hadde ei superkraft, kva ville det vore?


- Å fly! Då kunne eg reist overalt.


- Kva vil du helst lesa meir om i lokalavisa?


- Eg tykkjer det er interessant å lesa om fotball og om småungar som gjer noko.


- Og kven får helsinga di gjennom avisa?


- Mormor og besta.


Siste saker Gå til framsida