GODE FORHOLD: Arrangørane i Sogndal Freeride World Tour Qualifier får mykje skryt frå frikøyrarar på forholda i Sogndalsdalen. (Begge foto: Håvard Nesbø)

Frikøyrarar frå heile verda til Sogndal

- Me er stolte over å invitera frikøyrarar frå heile verda til Sogndal for å køyra ski og brett i den beste snøen og dei finaste fjella.

Publisert 05.01.2017 kl. 13.18. Oppdatert kl. 13.23.

Det seier medarrangør Roar Erlandsen når Sogndal arrangerer <> i februar.

GLER SEG: Roar Erlandsen er medarrangør i <>.

Bratt Moro

Arrangementet er ein del av programmet på den populære Fjellsportfestivalen som Bratt Moro står bak.


- Her kjem nokon av dei beste frikøyrarane i verda, dei som er på øvste kvalifiseringsnivået. Utøvarar som hevdar seg i denne konkurransen vil rykkje nærare ei deltaking i hovudkonkurransen, Freeride World Tour, frikøyringssporten sin verdscup, seier Erlandsen.


4-stjerner

Den heftige konkurransen i Sogndalsdalen er det einaste 4-stjernersrennet for frikøyring i heile landet.


- Fire stjerner betyr at det er det høgste nivået før World Tour. Jo fleire stjerner jo fleire poeng er det for køyrarane å henta. Den som vinn eit firestjernersrenn vil henta masse poeng, seier Erlandsen og legg til:


- Me har gått gradene med å arrangera 1, 2 og 3-stjernersrenn før. I fjor måtte me avlysa på grunn av vêret, men me fekk veldig mange gode tilbakemeldingar på det me hadde gjort. Køyrarane sa at det var den beste konkurransen dei ikkje hadde køyrt. Observatørar frå New Zealand meinte at me skulle bli målestokk for korleis eitt 4-stjernersrenn skal vera, så me blei bedne om å arrangera i år igjen då organisering, gjennomføring og tryggleiken var så bra.


Erlandsen kryssar fingrane for gode forhold i bakken i år, slik at konkurransen går som planlagt.


- Det er jo eit lotteri. Me har røffare klima her oppe enn til dømes i Sør-Europa. Snø og vêrforhold rår me ikkje med, så i år har me lagt inn ein ekstra dag som backup i tilfelle. På grunn av vêr og føre blir både stad og dag for konkurransen annonsert kort tid på førehand på fjellsportfestivalen sine nettsider, men konkurransen skal gå av stabelen mellom onsdag 22. og søndag 26. februar.


Fokus på tryggleik

Konkurransestaden vert i Sogndalsdalen og er utanfor dekning av skiheis, så publikum må difor gå på ski eller liknande for å koma seg til arenaen.


- Publikum kan anten slå følgje med deltakarane og domarane tidleg på morgonen på konkurransedagen eller kome seg til konkurransestaden på eiga hand. Kart med nøyaktig lokalitet for konkurransen vert lagt ut når konkurransestaden er bestemt, seier Erlandsen.


Han oppmodar alle som vil vera med som publikum under konkurransen at dei får med seg programposten for å få med seg viktig informasjon om program og tryggleik under arrangementet.


Les meir om: Nyhende Fjellsport Sogndal