Illustrasjonsfoto

Fri ferdsel over Filefjell og Aurland-Hol

Fleire fjellovergangar er stengde, ein har kolonnekøyring.

Publisert 19.01.2019 kl. 08.19.

- Skal du køyra over fjellet til og frå Sogn, køyr E16 over Filefjell.
Det er oppmodinga frå Ketil Molvær på Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Laurdag føremiddag var det følgjande situasjon på fjellovergangane.

E16 Filefjell: Open, ruske og stadvis dårleg sikt.

Riksveg 53 Årdal-Tyin: Stengt

Riksveg 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av ras og rasfare. Ny vurdering søndag klokka 10.00.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Kolonne

Fylkesveg 50 Aurland-Hol: Open

Også riksveg 15 over Strynefjellet er stengd på grunn av snøras.


Les meir om: Nyhende Trafikk