ELDRE BAK RATTET: Statens vegvesen og Helsedirektoratet føreslår å heva aldersgrensa for krav om helseattest til 80 år. (Illustrasjonsfoto)

Føreslår å heva aldersgrensa for helseattest til 80 år

Statens vegvesen og Helsedirektoratet føreslår å gjera det enklare for eldre med førarkort.

Publisert 10.02.2019 kl. 15.51. Oppdatert kl. 15.56.

I dag er det rundt 60.000 over 80 år som har førarkort.


I 2013 vil talet vera rundt 250.000 personar.


Er friskare

- Sjølv om det er fleire eldre som køyrer bil, har tal drepne eller skadde eldre gått ned. Dagens 75-åringar har lang erfaring med å køyra i moderne trafikk samanlikna med dei som er ti-tolv år eldre. Dette, saman med at me lever lenger og er friskare, gjer at me føreslår å heva aldersgrensa for krav om helseattest til 80 år. Etter 80 år er det nemleg ei markant auke i tal ulukker.


Det seier Bodil Rønning Dreier, direktør for trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens vegvesen i ei pressemelding frå vegvesenet.


Følgja med

Dreier seier utviklinga må følgjast nøye, slik at ein kan endra krav dersom det blir fleire ulukker eller folkehelsa blir endå betre.


Arbeidsgrupper har gått gjennom aktuell forsking. I tillegg til å heva aldersgrensa, blir det vurdert eit alternativ med eigenerklæring, informasjon til eldre bilførarar og praktisk køyrevurdering.


Auka risiko

- Det er ikkje berre alder i seg sjølv som svekkjer køyreevna. Det er helseproblem som gir auka risiko. Difor bør det utviklast eit betre system for å luka ut eldre som eventuelt bør mista førarkortet, seier Dreyer.


I tillegg minner ho om at helsekravet gjeld for alle som har førarkort, uansett alder, sjølv om det berre er eldre eller dei med svekt helse som må få eigen helseattest.


Forslaget er oversendt Samferdsledepartementet, melder vegvesenet.


Les meir om: Nyhende Trafikk