SNØ: Slik såg det ut på Sognefjellet like før klokka 06 torsdag morgon. (Bilete: Webkamera Statens vegvesen)

Framleis vinterleg på Sognefjellet - ny vurdering klokka 15

Publisert 05.09.2019 kl. 06.43.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet har fleire gonger vore stengd denne veka grunna snø og vanskelege køyreforhold. I 12-tida onsdag ettermiddag vart vegen stengd att. Klokka 15 vart det meldt at vegen var open, og at det ville bli nattestengt frå klokka 20, men alt klokka 17 måtte vegen stengast att grunna vanskelege køyreforhold.


Etter planan skulle det gjerast ny vurdering klokka 08 torsdag av om vegen kunne opnast, og kokka 07.40 melder Vegtrafikksentralen at vegen over Sognefjellet ikkje bli opna att enno grunna vanskelege køyreforhold. Det blir ny vudering klokka 15.


- Sidan dei fleste ikkje har fått på vinterdekka, vart vegen stengd, seier Ove Amundsen på Vegtrafikksentralen.


Han legg til at det alltid blir ein overgang når hausten kryp på, med stadig oftare stengingar, før vegen til slutt blir vinterstengd.


Les meir om: Nyhende Luster Trafikk

Siste saker Gå til framsida