Framleis betydeleg snøskredfare

Det vert meldt om betydeleg snøskredfare i Indre Sogn og Jotunheimen onsdag.

Publisert 02.01.2019 kl. 07.25.

Det vil mange stader liggja ferske fokksnøflak som vil trenga tid for å stabilisera seg etter det kraftige uvêret nyttårsaftan og 1. nyttårsdag. Det er venta at det framleis vil vera mogeleg for skiløparar å løysa ut store skred nokre stadar i den ferske fokksnøen, heiter det i skredvarselet på varsom.no.


Det har vore meldt om betydeleg snøskredfare i regionen frå 31. desember. Det vart registrert eit storleik 3-skred ved i Utladøla i Luster måndag morgon. Frå Lærdal vart det meldt om stor snøtransport i høgden og mange middels store naturleg utløyste skred måndag føremiddag.


Det kom store nedbørsmengder i regionen nyttårsaftan, mest i nord og vest, i Fjærland 51 mm, i Jostedal 40 mm og i Flåm 25 mm.


Les meir om snøskredfaren på varsom.no