Framleis betydeleg skredfare - har gått fleire skred denne veka

Varsom.no melder at det framleis vil vera betydeleg skredfare i Indre Sogn fredag og laurdag.

Publisert 08.02.2019 kl. 09.56.

- Ver varsom i områder med tynt snødekke og der fokksnøen er mjuk. Her vil det vera enklare å påvirke svake lag med nedsnødd kantkorn i snødekket, er oppmodinga på varsom.no.

Først på dagen fredag er det venta roleg vêr med relativt kalde temperaturar, men mot kvelden vil aukande vind gje auka utbreiing av fokksnøproblem og tjukkare falk oppå vedvarande svake lag.

Onsdag vart det observert fleire laussnøskred og enkelte mindre flakskred flere stader etter det siste snøfallet. Onsdag og torsdag vart det observert sprekker i den ferske fokksnøen i Sogndalsdalen på ca. 1.100 moh, vert det opplyst på varsom.no.
 
- Vis varsemd og bruk sunn fornuft ved ferdsel utanfor merka løyper og i skredutsett terreng, er oppmodinga frå Hovudredningssentralen på Twitter.