NY SORT: På Njøs har dei dyrka fram den nye pæresorten Celina, som er teken i bruk av fruktbønder i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Her syner opphavsmannen Stein Harald Hjeltnes fram pæra under ei omvising på Njøs for nokre år sidan. (Arkivfoto)

Får tre millionar til forsking på pære

Njøs Næringsutvikling i Leikanger er blant dei som no får ferske forskingsmidlar.

Publisert 26.06.2019 kl. 14.08. Oppdatert kl. 14.55.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedteke å gje 25 millionar kroner til ni nye forskingsprosjekt i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Njøs Næringsutvikling får tre millionar til forsking som skal gje draghjelp til norske pæredyrkarar, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.


- Rom for meir

- I dag vert det ikkje ein gong dyrka ei pære årleg per innbyggjar i Noreg. Det er synd, for me har eigentleg klimatiske føresetnader for å vera «høge på pæra». Det er truleg rom for mykje meir norsk pære i marknaden seinhaustes, og dersom ein lukkast med denne forskinga, kan det bidra til at norsk pæreproduksjon kjem seg opp frå den bølgjedalen han har vore nede i, seier seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleier for RFF Vestlandet.


Konsumet av pære i Noreg har gått ned dei seinare åra, og skal ein lukkast med å snu trenden, trengst nye sortar som slår an i marknaden. På Njøs har dei dyrka fram den nye sorten Celina, som er teken i bruk av fruktbønder i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Pæra er velsmakande, innbydande raudkinna og ganske fast i kjøtet, slik at ho er meir transportdyktig enn mange andre sortar, vert det peika på i pressemeldinga frå fylkeskommunen.


Kunnskap

Forskarane skal finna dyrkingsmetodar som gir høge, årvisse avlingar og metodar for transport og produkthandtering som sørgjer for førsteklasses produkt ut til forbrukarane. Dei skal sjå på effektane av ulike metodar for pollinering, gjødsling og vatning og gjera feltstudiar for å finna ut korleis ein sikrar ein freistande raudfarge på frukta.


Det er også ei viktig målsetting å spreia kunnskapen til fruktdyrkarar, landbruksrådgjevarar og relevante forskingsmiljø, slik at ringverknadene av forskinga vert størst mogleg.


Njøs Næringsutvikling vil gjennomføra forskinga i samarbeid med Universitetet i Oslo, Hardanger Fjordfrukt SA, Sognefrukt SA og Graminor AS.


Les meir om: Nyhende Landbruk Leikanger

Siste saker Gå til framsida