Får jakte ut september

Publisert 17.09.2018 kl. 14.52.

Jakta vert forlenga til ut september i Nordfjella villreinområde. I utgangspunktet skulle jakta i området avsluttast 20. september, men no har altså villreinutvalet vedteke at det vert ekstra dagar med jakt. Bakgrunnen for dette er at fellingstalet  så langt  har vore lågt. - Ut frå det me har av informasjon om dette, statistikk frå hjorteviltregisteret og lokalkjennskap, vert jakta utvida. Grunneigarsida, det vil seia villreinutvalet, har høve til å utvide jakta ut september månad, innanfor gjeldande jakttidsforskrift, opplyser Sigmund Tveitehagen, leiar VR-utvalet Nordfjella. Oppsynsleiar vidarefører organiseringa av oppsynet ut månaden, og prøvetakingssentralen i Brubotn arbeider som før til jakta er avslutta.


 



 


 


 


Les meir om: Nyhende Notis