ENERGIOMSTILLING: Konstituert direktør Hans Jakob Walnum (t.h.) saman med forskar Karen Moberg (t.v.) frå Vestlandsforsking og professor Kristin Linnerud frå HVL, som gjennom forsking skal vera med på å sikra rettvis energiomstilling. (Foto: May Grethe Lerum)

Får 24 millionar til forsking på energiomstilling

Forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet får 24 millionar over åtte år frå forskingssenteret NTRANS.

Publisert 24.05.2019 kl. 09.51. Oppdatert kl. 12.59.

Når vegen mot nullutslepp-samfunnet skal stakast ut, vil senteret vil ha eit tverrfagleg fokus på konsekvensane av endringane som må til innan energikjelder og forbruk. Forskinga har som mål å visa korleis denne omstillinga kan skje rettferdig og demokratisk, heiter det i ei pressemelding frå Vestlandsforsking.


- Brenn for tematikken

- Vestlandsforsking har eit fagmiljø samansett av både lovande unge og leiande internasjonale forskarar som brenn for tematikken klimaomstilling. Å kunne arbeida så langsiktig, med overordna perspektiv frå ulike fag, og i eit bredt nettverk med brukarar og forskingspartnarar, er spesielt spennande, seier konstituert direktør Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking.


Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal skal nytta 16 millionar og Vestlandsforsking 8 millionar på forsking i NTRANS (Norwegian Centre for Energy Transition strategies), delt over åtte år.


Lågutslepp på kortbanenettet

Vestlandsforsking skal mellom anna bidra med korleis transportsektoren skal omstilla seg for å få til drastisk nedgang i klimagassutslepp. Omstillinga som skjer i maritim sektor, og moglegheitene til å omstilla flysektoren mot lågutslepp på kortbanenettet, gjer Vestlandet spesielt interessant som case-område for NTRANS, går det fram av pressemeldinga.


Norges forskningsråd gav denne veka to nye samfunnsvitskapelege senter, NTRANS ved NTNU i Trondheim og INCLUDE ved Universitetet i Oslo, status som forskingssenter for miljøvenleg energi.


- Det er ei fantastisk nyheit. Den type langsiktig finansiering gjer at me kan sikra samarbeidet med forskingsmiljø og næringslivet på ein heilt annan måte enn tidlegare, sa senterdirektør og professor ved NTNU, Asgeir Tomasgard til NRK Trøndelag.


Fleire av brukarpartnarane i NTRANS er på Vestlandet, som Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommunen, Maritim Foreining Sogn og Fjordane, Kinn kommune, Saga Fjordbase, Bergen kommune og BKK.


Forskingsrådet finansierer omlag tredjeparten av totalt 303 millionar kroner. Forskarane kjem elles frå NTNU, Sintef, Universitetet i Oslo, NHH og SNF i Bergen og Institutt for energiteknikk. 


Siste saker Gå til framsida