FRÅ FJORD TIL FJELL: Forskarane samlar data på blåbær. Dei gjer også eksperiment i felt, til dømes med varmebur som på biletet. Frå venstre: Stein Moe frå NMBU Ås, Rafael Benevenuto, Knut Rydgren og Mark Gillespie frå HVL, institutt for miljø- og naturvitskap i Sogndal. I bakgrunnen ser ein Sogndal lufthamn, Sognefjorden og fjellet Bleia. (Foto: Stein Joar Hegland, Høgskulen på Vestlandet)

Forskarar melder om laber blåbærhaust - 90 prosent ned frå toppår

Årets blåbærhaust teiknar dårleg.

Publisert 14.08.2019 kl. 16.42. Oppdatert kl. 09.09.

Reduksjonen frå toppåret 2017 til i år er på nesten på 90 prosent, viser forsking ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

VIKTIGE: Blåbær- og tytebærplantene gir mykje blomster for pollinerande insekt. Her er ei markhumle på blåbærblomst. (Foto: Stein Joar Hegland, Høgskulen på Vestlandet)

Rekordtidleg

- Det første modne blåbæret me plukka i forskingsfelta våre i år, var alt i midten av juni. Rekordtidleg blomstring gav veldig tidleg modning i låglandet, men produksjonen ser ut til å vera heller dårleg, fortel økolog Stein Joar Hegland ved Høgskulen på Vestlandet.


Ei gruppe økologar ved campus Sogndal har over fleire år forska på blåbær. Dei siste tre åra har dei følgt blåbær, samt tytebær, spesielt nøye for å forstå korleis klima påverkar blomstring, pollinering, bærproduksjon og andre forhold i plantene sitt liv, går det fram av ei pressemelding frå insitutt for miljø- og naturvitskap.


Kaupanger

Teljingar forskarane har gjort frå omlag 100 til 1000 meter over havet i furuskogen på Kaupanger, som er kjent som noko av det beste blåbærterrenget i heile landet, viser at det berre er ein fjerdedel av mengda frå 2018, som igjen berre ga halvparten av det dei fann i 2017.


I 2017 var det i gjennomsnitt nesten 150 bær per kvadratmeter i prøveflatene, medan det i 2019 var det under 20 per kvadratmeter. Desse tala vert stadfesta av prøveflater på Kjørnes. Her har vegetasjonsøkologane Knut Rydgren og Inger Auestad telt i underkant av 30 bær per kvadratmeter i år, kjem det fram i pressemeldinga.


Generelt dårleg

Vanlegvis finn ein ganske bra med blåbær sjølv i dårlege år nokre stader, men i år verkar det som det er dårleg over heile spennet frå fjord til fjell, opplyser Hegland.


- I år har frostskade under den rekordtidlege blomstringa redusert blomstringa og dermed bærproduksjon betydeleg. Me observerte mykje brune og visne blomster, spesielt på 500 og 900 meter over havet. Me har også observert dette tidlegare år med tidleg vår.


Klimaendringar

Frostskadar kan vera ein effekt av klimaendringar, peiker forskarane på.


- Frostskadar kan vera ein effekt av klimaendringar som har vore underkommuniserte, fortel kollega og økologisk entomolog Mark Gillespie.


Blåbær- og tytebærplantene er viktige i økosystema her på den nordlege halvkula. Dei utgjer ein stor grøn biomasse for små og store beitedyr, og dei gir også mykje blomster for pollinerande insekt i tillegg til bær for mellom andre fuglar, smågnagarar og bjørn, vert det understreka.


- Me freistar no å finna ut meir om korleis klima påverkar blåbær og tytebær og livet i og rundt desse nøkkelplantene, fortel Hegland.


For å forstå meir om rolla til klima for plantene, og for blomstring og bærproduksjon, treng forskarane å samla data over mange år.


Mindre snø

Masterstudent Dag Petter Hollekim, som nettopp har gjort ferdig masteroppgåve på Climate Change Management-studiet ved HVL, gjorde funn som tyder på at redusert snømengd også kan minska mengda med blåbær.


Forskinga vidare vil kunne avdekka kva faktorar som er viktigast for å styra blomstring og bærproduksjon hjå både blåbær og tyttebær, heiter det i pressemeldinga.


- Ta en tur i skogen

Rapportar forskarane i Sogndal har fått frå kollegaer på Austlandet, tyder på at det har vore frostskadar på blåbærbløminga også der, og på kysten rapporterer dei om at dei heller ikkje der har så mykje å by på av bær i år, fortel Hegland.


- Litt er likevel betre enn ingenting så me anbefaler absolutt folk å ta seg ein tur i skogen. Flekkvis kan ein finna meir bær. Dessutan observerte me ganske bra med humler som pollinerte tytebær i år så det ser ut til å gå mot ein lovande haust for dette raude bæret.