UT PÅ TUR: Viss du skal ha med hunden på skitur, er det lurt å vera førebudd. (Foto: If)

Forsikringsselskap åtvarar - Slik gjer du skituren trygg for hunden

Forsikringsselskapet If ser kvart år hundar som har kuttet opp beina på ski eller skare, eller som har fått skadar som følgje av overbelastning.

Publisert 19.02.2019 kl. 14.23.

Vinterferien er ein ypparleg anledning for å ta med hunden ut på skitur. Men dyrepleiar Kine Bjølsen Opstad, som jobbar som produktsjef for dyreforsikring i If, har sett fleire tilfelle der hundeeigarar kan bli litt overivrige i skisporet, skriv forsikringsselskapet i ei pressemelding.


- Det er ofte mykje å hugsa på før ein legg ut på langtur. Men det er forholdsvis enkle grep som skal til for at skituren blir ei god oppleving også for hunden, seier dyreeksperten, som har fleire tips for ei tryggare tur.


- Øv på førehand

Det er viktig å vera førebudd på ei rekkje ulike scenario i løypa, og det er ein stor fordel for både hund og eigar om ein han øvd på det viktigaste i forkant.


- Lær hunden enkle kommandoar som venstre, høyre og stå. Dette kan øvast på når som helst og kan gjera det lettare å ha kontroll på hunden i løypa, seier ho.


- Stell potane

- Velstelte potar for hunden er minst like viktig som gode skisko for eigarane.


Potesokker eller salve kan hjelpe for å unngå såre potar. Dette gjeld spesielt om det er skare, men kan også hjelpe mot at snøklumpar fester seg, tipsar Opstad.


- Tilpass turen

Alle hundre kan vera med på tur, men det er viktig å tilpassa både intensivitetsnivå og lengde til hundens generelle form og helsetilstand.


- Uansett kor god form hunden er i, er det alltid viktig å byrja skituren roleg eller varma opp for å unngå skadar, fortel dyrepleiaren.


- Ta pausar

Sørg for å gje hunden nok pausar undervegs. Dersom hunden blir sliten eller slit med plager, kan det også vera ein ide å ha med ein sekk som ein kan leggja hunden i ved behov.


- Bruk riktig utstyr

Ved bruk av trekksele er det viktig at denne har ei god fordeling av belastningar, og festepunkt bak ved halerota eller krysset.


- Test gjerne selen i forkant og tilpass han godt slik at han ikkje lagar ubehag eller gnagsår, seier dyrepleiaren.


Når det gjeld skiutstyr til hundeeigarane, fråråder Opstad å bruka ski med stålkantar.


- Det er veldig fort gjort at hunden kjem borti skia i løpet av turen. Viss ein unngår stålkantar, vil sjansen for rifter og sår hos hunden bli mindre, fortel ho. Opstad minner om at ein må ha med førstehjelpsutstyr.


- Det er alltid lurt å ha med eit lite førstehjelpsskrin med det helt nødvendige, både til eigaren og den firbeinte. Forhåpentlegvis får ein ikkje bruk for det, men det er betre å vera føre var.


Les meir om: Nyhende