BESØKJER DAGSTURHYTTER: Anders Totland er på turné på fleire dagsturhytter i indre Sogn no i haust. (Pressefoto)

Forfattar på turné for å diskutera klima med ungdom: - Vil provosera og engasjera

Forfattar Anders Totland er på turné på fleire dagsturhytter i indre Sogn for å møta og diskutera klima med ungdomsskuleelevar.

Publisert 14.09.2019 kl. 09.30.

Turneen er i regi av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Den kulturelle skulesekken.


Denne veka gjekk turen med båt til Eikjabu i Luster saman med 200 elevar.


Til saman 674 ungdomsskuleelevar frå åtte skular deltek på turneen.


Målet med tilbodet er at kombinasjonen tur, natur og litteratur vil gje ei spanande og lærerik ramme for elevane.

EIKJABU: Denne veka møtte elevar frå Luster forfattaren på dagsturhytta på Eikjabu. (Pressefoto)

Kva skjer med jorda?

Anders Totland har skrive teksten Kunsten å nesten bli vegetarianar særskilt for denne turneen. Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer han elevane til å diskutera kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss.


Elevane får ta del i ein samtale som skal både utfordra og provosera. Korleis står det til med eigen livsstil, er me eigentleg villige til å gjera grep i måten me lev liva våre på? Forfattaren vil også gje ungdomane eit innblikk i forfattarprosessen, korleis oppstår idear, kvar finn han inspirasjon og kvifor skriv han for ungdom.


Sjøvegen til hytta

Sidan dagsturhytta Eikjabu i Luster ligg ved fjorden, var det naturleg å ta sjøvegen, og elevane vart skyssa med RIB-båtar frå Gaupne.


Totland dannar eit bilete av turen på bloggen sin:


Berre sjå det føre deg: Nokon og tjue åttandeklassingar i flytedrakt og redningsvest, med skibriller og lue, sig gjennom vatnet på ein RIB med 500 hestekrefter. Ut av høgtalarane kjem noko pompøs og svulstig Grieg-musikk, medan sola bryt gjennom skyene og stiller både fjorden og fjella i sitt aller finaste lys. Ti minutt seinare går dei i land, plukkar med seg eit vintereple frå treet utanfor hytta, og set seg til rette for å lytta til dagens attraksjon (som om eg kan konkurrera med RIB-køyringa, liksom).»


Ekte og levande

Vel framme på hytta presenterte Totland seg som ein ekte og levande forfattar. Dette er noko han har plukka opp frå presentasjonar om seg sjølv frå tidlegare forfattarbesøk på skular.


- For alle forfattarar er vel døde og ikkje ekte? spurte Totland retorisk til elevane.


Svaret er litt nervøs småhumring frå elevane, det å tøyse om lærarane er ein sikker måte å få dei med. Så gjekk Totland inn på klima, miljø og dei store spørsmåla som verda står overfor i dag, men på ein måte som både fenga og engasjerte ungdomsskuleelvane.


Samarbeid

Initiativet til ein forfattarturné på dagsturhyttene kom frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Turnéen er eitt av tre tiltak som fylkesbiblioteket søkte om og fekk midlar til frå Nasjonalbiblioteket for å gjennomføre i samband med satsinga på det nynorske turbiblioteket på dagsturhyttene.


I samarbeid har fylkesbiblioteket og Den kulturelle skulesekken teke ideen vidare og tilbydt skular i indre Sogn å vere med på turneen som ein del av DKS-programmet dette skuleåret. Samarbeidet involverer også folkebiblioteka i kommunane. Dersom turneen vert teken godt i mot er det tenkt å vidareføre han til andre stader i fylket.


Tid og stad

Dagsturhytta på Ytre Eikum i Luster 9., 10. og 11. september


Dagsturhytta på Eggjahaugane i Leikanger 12. september


Dagsturhytta på Balastølen i Balestrand 13. september


Dagsturhytta på Moakamben i Årdal 16., 17. og 18. september


Dagsturhytta på Mjølkeflaten i Lærdal 19. september


Dagsturhytta på Vinjaåsen i Aurland 20. september


Siste saker Gå til framsida