AKTUELLE TEMA: Anders Totland er ein samfunnsengasjert sakprosaforfattar som har skrive ein tekst som tematiserer natur-, miljø- og klimautfordringar i vår tid. (Foto: Den kulturelle skulesekken)

Forfattar dreg på turné til dagsturhyttene

Anders Totland kjem på besøk til fleire dagsturhytter i Sogn dei to neste vekene.

Publisert 03.09.2019 kl. 21.09.

Forfattaren Anders Totland har skrive fleire bøker på nynorsk for barn og unge. 


Han kjem til dagsturhyttene for å møta og diskutera klima med ungdomsskuleelevar, melder Sogn og Fjordane fylkeskommune. 


Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer han elevane til å diskutera kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss. 


 


Inspirasjon og idear

Totland har skrive teksten «Kunsten å nesten bli vegetarianar», der han tematiserer natur-, miljø- og klimautfordringane me står ovanfor, går det fram i ei pressemelding frå fylkeskommunen. 


Forfattaren vil også gje ungdommane eit innblikk i forfattarprosessen: korleis oppstår idear, kvar finn han inspirasjon og kvifor skriv han for ungdom?


Til saman 674 ungdomsskuleelevar frå åtte skular deltek på turneen.


 


Seks hytter

Totland kjem til dagsturhytta i Luster 9.-11. september, til Leikanger 12. september og Balestrand 13. september. 


Dagsturhytta i Årdal får besøk 16.-18.september medan Totland kjem til dagsturhytta i Lærdal 19. september. 20.september er det dagturhytta i Aurland som får besøk. 


Forfattar Anders Totland (1986) har dei siste åra gitt ut fleire bøker på nynorsk for barn og unge. I år er han aktuell med «Nattmannen» (2019). Den siste romanen «Nedteljing» (2018) er ei av bøkene som ungdom sterkt anbefaler på uprisen.no - kåringa av årets ungdomsbok. «Den norske slavehandelen» (2018), «Så lenge ingen ser oss» (2017) og «Engel i snøen» (2016) har hausta gode kritikkar og slår også godt an hos unge.


Totland sine skjønnlitterære bøker passar godt også for uvante lesarar eller dei med ulike lesehemmingar som treng tilrettelagd litteratur, heiter det i meldinga frå fylkeskommunen.