INVITERER TIL SEMINAR: Sogndal folkehøgskule inviterer til seminar om solenergi. - Me ønskjer å setja søkjelyset på alternativ energi, seier rektor Ole Karsten Birkeland. (Arkivfoto)

Folkehøgskulen vil ta i bruk solenergi

Folkehøgskulen går i bresjen for større solenergi-prosjekt i Sogn.

Publisert 16.09.2018 kl. 12.00.

- Me har som mål å sjå på heile vår energibruk, og har lyst til å montera solcelleanlegg, seier rektor Ole Karsten Birkeland.


I samband med det arrangerer folkehøgskulen to opne seminar om solenergi, i samarbeid med fylkeskommunen og Sogn Næring.


Seminaret skal auka kompetansen og stimulera til samarbeid om framtidige prosjekt innan solenergi i Sogn.


Ulike døme

- Me ønskjer å setja søkjelyset på alternativ energi, og me vil få høyra om ulike døme og korleis ein går fram, seier Birkeland.


Seminara går av stabelen 28. september på folkehøgskulen, og det er eitt på dagtid for næringslivet og eitt på kveldstid for private og landbruket. Til seminaret kjem Ingar Norvik og skal fortelja om «Posten Norge - fornybar innan 2025». Ein får også høyra om Skagerak Energi sitt prosjekt med storskala solcelleanlegg og energilager. Enova skal fortelja om sine støtteordningar, og i tillegg skal representantar frå Norsk solenergiforening og Solcellespesialisten halda føredrag.


Det er allereie god respons på kveldsseminaret, med kring 200 som har meldt sin interesse på facebooksida for arrangementet.


Etter seminaret vil folkehøgskulen sjå nærare på sitt eige prosjekt.


- Me vil henta inn prisoverslag, og jobba vidare med det derifrå, seier Birkeland.


Etterspurt

Sogndal har ein del soltimar, men spesielt i sommar må det seiast at eit solcellepanel kunne produsert ein del energi.


- Det er på taket av bygningen med matsalen me ønskjer eit anlegg, for det ligg best til i høve til solskinet, seier Birkeland, som trur denne typen energisatsingar blir viktig for bedrifter og institusjonar.


- Kundar og studentar etterspør korleis ei bedrift tenkjer i forhold til grøn satsing. Me ønskjer å gå i bresjen her, og nokon må vera først og få snøballen til å rulla, seier Birkeland.


Seminaret er ope og gratis for alle som har lyst til å høyra meir.


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida