Fly innstilt grunna tekniske problem

Publisert 07.03.2019 kl. 07.53.

Flytrafikken på Sogndal lufthamn har ikkje gått heilt etter ruta torsdag morgon.


Flyet som skulle gått til Bergen 07.05 vart først berekna å gå klokka 07.45, men flyet vart innstilt, opplyser Widerøe på sine nettsider.


Grunnen var at flyet hadde tekniske problem, får Sogn Avis opplyst frå Widerøe i Sogndal.


Flyet til Oslo klokka 07.05 gjekk klokka 07.23.


Flyet som skulle gått til Sandane og Oslo klokka 09.30 er berekna å kunne ta av frå Haukåsen klokka 09.50.


Norled og Fjord1 har torsdag morgon ingen meldingar om avvik frå rutene på hurtigbåt eller ferjer i indre og midtre Sogn.


Les meir om: Nyhende Samferdsle