Flåten trappar ned og sel forretningsbygg

Publisert 02.07.2019 kl. 20.55.

I sitt 78. år har Erik A. Flåten bestemt seg for å trappa ned, og no vurderer han å selja to av dei forretningsbygga han eig. Han har overlate salet til sonen Arne Glenn Flåten.


- Nokre utfordringar med helsa gjer at han no tenkjer det er nok å sitja att med første etasjen i Flåtengården, seier Arne Glenn Flåten.


Det er bankbygget i Gravensteinsgata 19 i Sogndal og Sognefjordvegen 40 på Hermansverk som Flåten no legg ut for sal.