MINGLING: Høgskulen var arena for presentasjonane og mingling ved oppstarten av klimakonferansen tysdag. Konferansen går føre seg tre dagar denne veka. (Foto: Keth Øren)

Følg klimakonferansen her

Denne veka vert det arrangert ein nasjonal klimakonferanse i Sogndal. Konferansen kan du følgja direkte på nett-tv.

Publisert 25.04.2018 kl. 09.00. Oppdatert kl. 09.10.
Konferansen #klimaomstilling2018 blir arrangert i Sogndal 24.-26. april 2018.
 
Programmet for konferansen starta tysdag ettermiddag med klimaekskursjon og synfaring i nærområdet.
 
 
Programmet onsdag vert sendt direkte på nett-tv av arrangørane og kan følgjast nedst i denne artikkelen frå klokka 9.
 
Programmet startar i dag med eit kortreist kulturinnslag før det blir opning ved fylkesmann Anne Karin Hamre og fylkesordførar Jenny Følling.
 
Vidare fram til lunsj kan ein få med seg følgjande:
  • Korleis oppfylle Parisavtalen gjennom klimatilpassing og meir miljøvenlege løysingar? Atle Hamar, statssekretær Klima- og miljødepartementet
  • "Overheating": Korleis reagerer verdas lokalsamfunn på klimautfordringa? Thomas Hylland Eriksen, professor Universitetet i Oslo
  • Korleis klare 1,5 gradersmålet? Glen Peters, CICERO
  • Kva gjer myndigheitene nasjonalt og internasjonalt, og kva betyr dette for oss? Audun Rosland, avdelingsdirektør Miljødirektoratet
  • Statsforvaltingas klimaavtrykk ved anskaffingar - klimavennlege offentlege innkjøp? Marit Holter-Sørensen, seksjonssjef Direktoratet for forvaltning og IKT
  • PITCH: Kva føresetnader har primærnæringa for å gjennomføre det grøne skiftet i og omstille seg til nye rammevilkår? Grete Hovelsrud, prosjektleiar PITCH, Nord Universitet
Etter lunsj vert det tre køyrt tre parallelle sesjonar, den eine vert send direkte på nettet.
 
 
Føremålet med arrangementet er å tematisera korleis forsking, forvalting, organisasjonar og næringsliv i samarbeid kan bidra til å klimaomstilla samfunnet, opplyser arrangørane.
 
Målgruppene er tilsette i offentlege verksemder, politikarar, forskarar, konsulentar og studentar.
 
Konferansen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane , Sogn og Fjordane fylkeskommune , Høgskulen på Vestlandet , Vestlandsforsking , Statens vegvesen region vest og NVE region vest.
 

Siste saker Gå til framsida