Flenjatunnelen opna att etter ulukke

Vogntog køyrde i tunnelveggen. Føraren er uskadd.

Publisert 19.11.2018 kl. 16.11.

Flenjatunnelen på E16 mellom Flåm og Langhuso er stengd etter traffikkuhell.


«Eit vogntog har køyrt i tunnelveggen. Skadeomfanget er ukjent og naudetatane er på veg», skriv politiet på Twitter klokka 16.06.


Vegtrafikksentralen opplyser at også Gudvangatunnelen er stengd for å hindra kø i denne tunnelen.


SISTE: Klokka 16.21 melder politiet på Twitter at vogntoget har kome seg ut av tunnelen. «Vogntoget står på vestsida, i retning Voss. Førar er oppegåande og vil bli undersøkt av helse. Tunnelen er framleis stengd», skriv politiet.


Klokka 16.35 melder Vest politidistrikt at føraren av vogntoget er uskadd.


« Førar meinte han kan ha sovna. Det er små skadar på vogntoget», skriv politiet.


Brannvernet i Aurland opplyser at dei no skal sjekka tunnelen for skadar, og reknar med at Flenjatunnelen vert opna att rimeleg raskt.


Klokka 16.40 opplyser Vest politidistrikt at tunnelen er open for fri ferdsel.


Siste saker Gå til framsida