Det er snødekke på Sognefjellet søndag morgon og fjellovergangen er stengd. (Foto: Statens vegvesen)

Fleire vegar framleis stengde grunna uvêr

Publisert 15.09.2019 kl. 09.38. Oppdatert kl. 16.08.

Fv. 55 Sognefjellet er stengt søndag grunna uvêr.


Det er i heile fylket venta mykje nedbør utover dagen, og det er framleis oransje nivå på farevarsla om flaum og jordskred.


E39 vart i 22-tida laurdag kveld stengd ved Vassenden i Jølster grunna ras og flaum. Ingen bilar vart tekne av raset. Vegen opna att klokka 16.00 søndag.


Stengde vegar

Her er status på vegar i Sogn og Fjordane søndag:


E39 ferjestrekninga Anda-Lote: innstilt pga. uvêr


Fv. 8 Åkre, på strekningen Oppedal - Hest: Stengd på grunn av fare for ras. Omkøyring via fv. 92, Stordalen. Blir ikkje opna i dag, ny vurdering måndag kl. 15:00.


Fv. 55 Sognefjellet: Stengd på grunn av uvêr.


Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg: Ferjesambandet innstilt på grunn av dårleg vêr.


Fv. 451 Kjøsnes - Vassenden: Stengd på grunn av flaum. Blir ikkje opna i dag.


Fv. 92 Arnafjord - Vikøyri: Stengd på grunn av fare for ras. Blir ikkje opna i dag. Ny vurdering kl. 08.00 måndag. 


Fv. 606 ferjestrekninga Losna-Krakhella: Ferjesambandet er innstilt


Fv. 609 Heilevang, på strekninga Askvoll - Førde: Stengt på grunn av fare for ras. Ny vurdering kl. 07:30 måndag


Fv. 243 Nyheim-Lærdal (Aurlandsfjellet): stengd pga. uvêr


Fv. 601 Melhus, på strekninga Langhuso - Undredal: stengd pga. uvêr


 


Fv. 616 Endal, Smørhamn-Isane: oppryddingsarbeid starta 18:00


Fv. 331 Urnes - Skjolden: opna kl. 18:00


Fv. 50 Hol - Aurland: opna kl. 16:00


Les meir om: Nyhende Trafikk Uvêr

Siste saker Gå til framsida