SØKJARAR: I alt er det 4.051 søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring i skule i Sogn og Fjordane skuleåret 2019-20. (Arkivfoto)

Fleire søkjer seg til yrkesfag - færre til studieførebuande

47 fleire har søkt plass på vg1 på vidaregåande skule i Sogn og Fjordane samanlikna med i fjor.

Publisert 04.03.2019 kl. 13.45.

Auken er i all hovudsak til yrkesfaglege utdanningsprogram, som no står for 56 prosent av søknadane til vg1, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.
 
I yrkesfag er det auke i søkinga til design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon og nedgang i søkinga til service og samferdsel. Til studieførebuande fag er det auke i søkinga til musikk, dans og drama. Til dei andre utdanningsprogramma er det berre små forskjellar i søkjartala.


Stabile søkjartal

I alt er det 4.051 søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring i skule i Sogn og Fjordane skuleåret 2019-20. Det er 516 søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift. Det samla søkjartalet er 4.567, fem færre enn i fjor.
 
418 søkjarar utan ungdomsrett har søkt dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Det er ein auke på 100 frå i fjor. Søkjarar utan rett kan få plass når dei vidaregåande skulane tek over inntaket i august, dersom det er ledige plassar, vert det opplyst i pressemeldinga.


Syner førstevalet

Til vidaregåande opplæring vg1 har søkjarar med ungdomsrett rett til inntak på eitt av tre utdanningsprogram dei har søkt å på. Vidare har søkjarane rett til to år vidare opplæring innanfor same utdanningsprogram. Ungdomsretten gjeld vidaregåande tilbod i heile fylket, men er ikkje knytt til ein særskilt skule.
 
Primærsøkjartala som i dag er offentleggjorde, syner førstevala til søkjarar med ungdomsrett. Tala viser altså ikkje fordelinga av søkjarane til det einskilde tilbodet ved inntak til vidaregåande, heiter det i pressemeldinga.

Hovudutvalet for opplæring gjer vedtak om justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2019-20 i møte 27. mars.


Læreplass

Sogn og Fjordane har intensjonsavtalar om 950 læreplassar i bedrift. Det er ein auke på 100 avtalar.

Det er i alt søkjarar til 51 ulike lærefag. Fylkeskommunen har intensjonsavtalar med bedrifter innan 34 lærefag der det i år ikkje er søkjarar og søkjarar til fem lærefag der fylkeskommunen ikkje har intensjonsavtalar med bedrifter.
 
Lærefaga helsearbeidarfaget, røyrleggjarfaget, salsfaget, ambulansefaget, bilskadefaget har ein auke i talet på søkjarar, medan IKT-servicefaget, energimontørfaget og kokkfaget har færre søkjarar.


Les meir om: Nyhende Ung Utdanning