YRKESFAG AUKAR: Fleire elevar vel yrkesfagleg utdanningsprogram i år. (Arkivfoto)

Fleire søkjer seg til yrkesfag

Studieførebuande utdanningsprogram har nedgang.

Publisert 05.03.2018 kl. 19.43.

4043 søkarar med ungdomsrett har søkt vidaregåande opplæring i skule i Sogn og Fjordane til skuleåret 2018-2019. Det er 529 søkarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift. Samla er det 56 fleire søkarar i år enn i fjor.

Primærsøkartala som er offentleggjorde måndag, syner førstevala til søkarar med ungdomsrett, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.


Fleire søkjarar til yrkesfag

Fleire søkjer seg i år til yrkesfagleg utdanningsprogram, samstundes som det er ein nedgang til studieførebuande utdanningsprogram. Samanlikna med i fjor er det 52 fleire søkarar til yrkesfag og 18 færre til studieførebuande.

Yrkesfaga helse- og oppvekst, elektrofag og service og samferdsel har auke. Bygg- og anleggsteknikk, naturburk og design og handverk har nedgang.

Til studieførebuande fag er det auke i søkinga til studiespesialisering og nedgang i søkinga til idrettsfag, musikk, dans og drama og kunst, design og arkitektur.

Søkinga til vg2 og vg3 er i hovudsak resultat av søkinga til utdanningsprogramma året før.

Det er i år 186 søkarar til vg3 påbygging til generell studiekompetanse, 11 færre enn i fjor. Det er 25 søkarar til vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse ved Årdal vidaregåande skule. Desse har ikkje ungdomsrett, men rett til å få plass i det særskilte tilbodet.


Søkjarar til opplæring i bedrift

Sogn og Fjordane fylkeskommune har intensjonsavtalar om 851 læreplassar i bedrift. Det er i alt søkjarar til 53 ulike lærefag.

Desse lærefaga har auke i søkinga: 

- automatiseringsfaget
- yrkessjåførfaget
- fjell- og bergverksfaget
- røyrleggarfaget
- tømrarfaget
- institusjonskokkfaget

Desse lærefaga har nedgang i søkinga:

- salsfaget
- industrimekanikarfaget
- helsearbeidarfaget
- kontor- og administrasjonsfaget
- bilfaget - lette køyretøy

301 søkarar utan ungdomsrett har søkt seg til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Det er 30 fleire enn i fjor. Dei kan få plass dersom det er ledige plassar når dei vidaregåande skulane tek over inntaket i august.

143 søkarar med ungdomsrett i Sogn og Fjordane har skular utanfor Sogn og Fjordane fylkeskommune som førsteval. Det er om lag same nivå som i fjor. Det er søkarar som har søkt til Hordaland gjennom Hordalandsavtalen, landslinjer, privatskular i eige og andre fylke, og til tilbod fylkeskommunen ikkje har.