Fleire personar barka saman i slagsmål

Publisert 10.11.2019 kl. 08.24. Oppdatert kl. 09.32.

Natt til søndag vart fleire personar bortviste frå Fjørevegen i Sogndal sentrum etter melding om slagsmål.


Politiet fekk melding klokka 02.55. 


Ein person fekk tilsyn av ambulansepersonell, men skal ikkje vera alvorleg skadd.


Politiet følgjer opp denne saka. 


Natt til søndag var travel for Vest politidistrikt, og her i fylket måtte politiet ta seg av fleire basketak. På Haugtun i Gloppen barka to personar saman. Dei to som slåst vart viste vekk frå staden, og ingen var skadde. 


På Nordfjordeid vart ein mann send vekk frå ein utestad etter å ha vore trugande og slått til vakter. 


I Florø vert ein tenåringsgut meld for forulemping mot politiet etter at han skal ha vist fingeren til dei.


Les meir om: Nyhende Sogndal